Smitta pasient innlagt på Kristiansund sjukehus

Ein pasient vart onsdag ettermiddag innlagt på Kristiansund sjukehus med Covid-19. 12 tilsette og tre pasientar er satt i karantene

​Onsdag ettermiddag vart ein pasient innlagt ved Kristiansund sjukehus med Covid-19. Pasienten vart opprinneleg innlagt for ein annan medisinsk tilstand, men seinare mistanke om korona førte til at pasienten vart testa, med positivt resultat.
- Ti tilsette på sjukehuset og to tilsette i ambulansetenesta er satt i karantene etter hendinga. I tillegg er tre pasientar satt i karantene, seier klinikksjef Åge Austheim ved Kristiansund sjukehus.

Austheim fortel at hendinga ikkje får konsekvens for beredskapen ved sjukehuset, og legg til at dei no arbeidar vidare med smittesporing og oppfølging.
- Vi har fortsatt ein del arbeid igjen for å få klarlagt alle detaljar, slik at vi ikkje kan utelukke at det blir fleire som må i karantene, opplyser klinikksjefen.