Status for koronasituasjonen i HMR 24.mars

Tysdag 24.mars kl.11.00 har Helse Møre og Romsdal totalt 3 innlagde pasientar smitta med koronavirus.

Ålesund sjukehus

Éin pasient som har vore innlagd for behandling av koronasmitte blei måndag 23.mars utskriven frå sjukehus. Ålesund sjukehus har dermed éin pasient med koronasmitte innlagd. Tilstanden til pasienten er god.

Éin tilsett ved Ålesund sjukehus testa positivt på koronavirus
Den tilsette som testa positivt på smitte måndag 23.mars har vore i heimekarantene sidan 8.mars. Det er derfor ikkje fare for smittespreiing verken pasientar, eller tilsette ved sjukehuset

Molde sjukehus

Molde sjukehus har framleis to innlagde pasientar med koronasmitte. Dei får intensivbehandling og tilstanden for begge pasientane er alvorleg, men stabil.

Kristiansund sjukehus

Ingen innlagde pasientar med koronasmitte




Volda sjukehus

Ingen innlagde pasientar med koronasmitte. Pasienten som var innlagd ved sjukehuset med koronasmitte blei skriven ut laurdag 21.mars