
IKT-sjef Odd Arne Maridal i Helse Møre og Romsdal.
Grunna utviklinga knytt til koronaviruset har Helse Møre og Romsdal no sett i verk tiltak for å hindre smittespreiing. Eit av tiltaka er å redusere planlagt aktivitet ved sjukehusa, men alt treng ikkje avlysast.
- Det er i slike tider ein må vere framoverlent og gripe moglegheitene. Videokonsultasjonar er eit framifrå verktøy for helsetenesta, og den siste veka har vi satt opp fleire slike konsultasjonar enn totalt for heile fjoråret, seier IKT-sjef Odd Arne Maridal i Helse Møre og Romsdal.
Trygt verktøyVed konsultasjonar kor fysiske undersøkingar ikkje er naudsynt, tilbyr no helseføretaket videokonsultasjonar. Pasientane kan koble seg opp via telefon, nettbrett eller pc heimefrå og snakke med sin lege gjennom programmet Skype.
- Skype for Business er godkjent for bruk i pasientkonsultasjonar og er eit trygt verktøy kor pasientvernet er godt ivaretatt, seier IKT-sjefen.
Pasientane er positiveFleire fagområde har den siste tida auka volumet på videokonsultasjonar, og då spesielt innanfor psykisk helsevern for barn og unge.
- Barne- og ungdomspsykiatrien har berre denne veka booka 150 videokonsultasjonar, og talet vil auke framover. Vi ser og at pasientar er positive og villige til å delta i videokonsultasjonar, opplyser Maridal.
Totalt er det booka om lag 350 videokonsultasjonar inneverande uke, fredag 13.mars var talet 25. Helse Møre og Romsdal vil med dette gjennomføre fleire videokonsultasjonar denne veka enn totalt siste år.
Les meir om videkonsultasjonar her