Strammar inn på samlingar, kurs- og konferanseaktivitetar

Helse Møre og Romsdal fraråder ansatte å delta på større konferanser, kurs og samlinger hvor et stort antall helsepersonell møtes.
Fagdirektør Torstein Hole

Denne innstramminga gjeld alle helseforetakene i Helse Midt-Norge.

Søndag gjekk Helse Midt-Norge ut med ei melding kor dei fraråda alle tilsette i føretaksgruppa å delta på større samlingar.

Dette inneber kurs, kongressar og andre tilstelningar kor eit stort tal helsepersonell møtast.

Dette gjerast for å minimere risikoen for at tilsette skal bli smitta av koronavirus, med dei driftsmessige konsekvensane dette vil kunne ha.

- Leiarar må føreta ei sjølvstendig vurdering av kva slags konsekvenser det kan få å sende tilsette på kurs og samlingar. Konkret tilrår vi at ein er særs restriktiv på nasjonale samlingar, noko mindre restriktiv på regionale samlingar og mindre restriktiv på lokale samlingar. Jeg vil fraråde tilsette å delta på større kurs og samlingar med over 100 deltakarar, seier fagdirektør Torstein Hole og legg til:

- Vi skal ikkje sende tilsette på internasjonale kongressar slik som situasjonen er per i dag. Men er det eksempelvis snakk om å sende nokon på eit LIS-kurs i Oslo slik at dei får godkjent spesialiseringa si, så kan ein vurdere det annleis. Leiaren må altså vurdere konsekvensane av 14 dagers karantene for dei tilsette, og eventuelt konsekvensene av -  i verste fall -  smitte inn i seksjonen, understreker Hole.

Innanfor Helse Midt-Norge er mellom anna regional samhandlingskonferanse avlyst som følge av dette.