Styremøte tirsdag 15. september kl 10.30

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal HF blir i administrasjonsbygget ved Ålesund sjukehus tirsdag 15. september Kl. 10.30. På grunn av koronasituasjonen er møtet ikkje ope for publikum, men du kan sjå opptak av møtet.

På grunn av koronasituasjon og grenser på kor mange som kan være fysisk samla blir styremøtet ikkje opna for publikum eller presse. Eit opptak av sjølve møtet blir tilgjengelig i etterkant og publisert her i denne saka.

Journalistar får høve til å overhøyre møtet på Skype. Etter avtale kan ein få kome inn og ta bilder/filme ved oppstart av styremøtet. Ein kan også få gjere avtale om intervju.

Journalistar som vil overhøyre møtet må sende ein e-post til styresekretær marianne.ensby.gravem@helse-mr.no 

– så får de tilsendt ein Skype-invitasjon direkte.

Det vil også bli lagt ut bilde frå styremøtet, som pressa fritt kan bruke.

Her finn du innkalling, sakliste og styrepapira til styremøtet

Lenke til første del av styremøtet
Lenke til del to av styremøtet