Styremøtet i mars blir på telefon

Sakslista er også betydeleg redusert.
HMR
HMR

Administrerande direktør Øyvind Bakke har i samråd med styreleiar Ingve Theodorsen beslutta at styremøtet 25. mars utgår i dagens form.

Vil orientere om korona

I staden vil det haldast som telefonmøte. Statusrapporten blir sendt ut skriftleg i forkant av styremøtet, og årsreknskapet blir behandla som eiga sak.

I tillegg vil Bakke orientere om koronasituasjonen i helseføretaket.

Pluss også i februar

Regnskapen for februar viser eit positivt avvik mot budsjett på 1,1 mill. kroner.

Sjølv om pasientinntektene lå noko bak budsjett i februar, blei det negative avviket på inntekter veid opp av innsparing på lønn og andre driftskostnadar.