
Ny utdanningssjef Guro Berge og ny forskingssjef Dag-Arne Lihaug Hoff.
– Forsking og utdanning av helsepersonell er to av dei fire kjerneoppgåvene til Helse Møre og Romsdal. Vi ønsker eit sterkare fokus på både forsking og utdanning som eigne felt, ei tydeleg ansvarsdeling og gode vilkår for utvikling av tenesta, fortel fungerande fagdirektør Mariann Hagerup Gammelsæther om bakgrunnen for dei nye einingane. Planlegginga av den nye organiseringa er gjort på bestilling frå fagdirektør og HR-direktør, der ei arbeidsgruppe også har sett på prosessane, oppgåver og ansvar opp mot HR. Arbeidet har ikkje ført til endringar i HR-seksjonen, men prosessar, ansvar og behov for samarbeid er tydeleggjort mellom einingane.
Ny utdanningssjef
Områda som er samla i den eine seksjonen er utdanning, kompetanse, medisinsk simulering og fagbiblioteket og blir leia av Guro Berge. Ho er no konstituert i stillinga, og har jobba 50 % som forskingsrådgivar i Helse Møre og Romsdal sidan starten på 2017. Samtidig har ho hatt ei postdoktorstilling ved NTNU i 50 %.
- Vi i seksjonen ønsker eit fortsatt utstrakt samarbeid med stabseiningar og klinikkar på dette viktige området for helseføretaket, og håper den nye organiseringa kan bidra til eit tydlegare fokus på utdanning, seier den nye utdanningssjefen.
Ny forskingssjef
Dag Arne Lihaug Hoff er lege, spesialist indremedisin og fordøyelsessjukdommar, forskar og leiar for Klinisk forskingspost i Helse Møre og Romsdal. Han kjenner soleis både kliniske og forskingsmiljø i helseføretaket godt. No vil han jobbe for å integrere forsking endå tydlegare i tilbodet HMR gir sine pasientar.
- Tidspunktet for ei slik deling av fagområda er rett. Det har vore ei god utvikling på forskingsfeltet i Helse Møre og Romsdal – forskingskompetanse i organisasjonen er høgre enn for 5 år sida. Aktiviteten er meir synleg, og resultata blir løfta fram. Vi ser at forskingsaktiviteten er knytt til den kliniske kvardag, og dette trur vi er noko som skal styrkast ytterlegare. I ein del situasjonar er forskingsbasert behandling kanskje den mest optimale behandlinga pasienten kan få, då må vi både ha kompetansen og infrastruktur til dette, seier Hoff.
I leiargruppa
Berge og Hoff er no ein del av leiargruppa i Fagavdelinga.
- Eg ser fram til å samarbeide med Guro og Dag Arne, og har tru på at dei vil bidra til å løfte utdannings- og forskingsfeltet i HMR. Eg ønsker begge to varmt velkommen, seier medisinskfagleg rådgivar, og fungerande fagdirektør Mariann Hagerup Gammelsæther.