Svært takknemleg for dugnadsånda

- Vi er heilt overvelda og svært takksame for at så mange har meldt seg til teneste, seier HR-direktør Ketil Hjelset i Helse Møre og Romsdal.

HR-direktør Ketil Hjelset i Helse Møre og Romsdal.


Helse Møre og Romsdal har til no fått 375 søknader etter at føretaket gjekk ut og oppmoda folk om å stille seg og sin kompetanse til disposisjon. Og det er stadig nye som melder seg.
- Vi sett stor pris på at helsepersonell, studentar og andre er villige til å gjere ein ekstra innsats for innbyggarane i Møre og Romsdal i ei utfordrande tid. Dette er dugnadsånd på sitt beste, seier Ketil Hjelset.

Tar kontakt
I tillegg til helsepersonell, så er det også mange andre yrkesgrupper som har meldt seg. Det er teknisk personell, kokkar, reinhaldarar, servitører og fleire andre yrker. Alle som har meldt seg blir fordelt på dei fire sjukehusa i fylket. Ålesund sjukehus har til no fått 171 søknader, Volda sjukehus 54, Molde sjukehus 93 og Kristiansund sjukehus 57. Men tala endrar seg fortløpande.
- Vi vil ta kontakt med dei som har registrert seg når behova melder seg. Vi kjem til å trenge ulik kompetanse, og det vil endre seg i takt med pandemien, opplyser Hjelset.


Bilete frå kampanjen "Vi treng deg". Her frå Kristiansund sjukehus.


Omfordeler først i eigne rekker
Sjukehusa i fylket har dei siste vekene gradvis tatt ned anna virksomheit for å vere førebudd på pandemien. Dermed har ein del av personellet blitt omdisponert til andre oppgåver. Føretaket har også starta opplæring av tilsette som kan ta seg av intensivpasientar.
- Vi omfordeler i eigne rekker før vi hentar inn ekstra hjelp. Det betyr blant anna at deltidsansatte går over i heiltidsstillingar, seier HR-direktøren.

Han oppmodar folk til å fortsette å registrere seg sidan ein ikkje veit korleis pandemien vil utvikle seg og kor store behova blir framover. Hjelset legg også til at dei som kjem inn vil få same løn som om dei hadde komme inn på vanleg måte.

Klikk her for å registrere deg!