Testar dei med akutte symptom


Kathrin Enebakk, smittevernrådgivar i Helse Møre og Romsdal, fortel at helseføretaket sett opp testtelt fordi dei ønsker å kome i gang med testing av eigne tilsette sidan kommunen har veldig stor pågang.

F.v smittevernrådgivar Kathrin Enebakk, Karoline Bakke Kjerstad og Marianne Herje frå BHT.


– Vi sett opp teltet for å ta unna litt. Vi har 267 personar i karantene no, og dei som har akutt luftveisinfeksjon med minst eitt av følgande symptom: hoste, luftveisinfeksjon, feber kan no testast her, opplyser ho.

Smittevernrådgivaren seier at teltet er satt opp i regi av bedriftshelsetenesta i helseføretaket. Planen er at dei tilsette skal ringe inn til beredskapsstelefon for smittevern for å avtal eit tidspunkt for prøvetaking.
– Alle prøvene skal vere rekvirert på førehand, og når dei tilsette kjem til teltet gjennomfører vi ein ID-sjekk, seier Enebakk.

I dag har testteltet holdt åpent frå kl. 08 og alt fungerte som vi hadde planlagt på førehand. Tilsette som har besøkt teltet er glade for at dette tilbodet no er på plass.

Intern beredskapstelefon
Helse Møre og Romsdal har også oppretta ein eigen, intern beredskapstelefon. Dit kan over 6.000 tilsette ringe inn, og den blir ekstremt mykje brukt, ifølge Enebakk.
– Når det kjem så hyppige endringar, blir kommunikasjon utfordrande. Det er viktig å nå ut med informasjon som er relevant for våre tilsette i helsetenesta og ein slik beredskapstelefon avhjelper dette behovet.