Tilbodet innan psykisk helsehjelp og rusbehandling i samband med koronaepidemien

Strenge smitteverntiltak har i heile landet ført til store endringar i pasienttilbodet til befolkninga, men alle som har behov for helsehjelp vil få hjelp

Psykiater og pasient

Poliklinisk tilbod held fram

HMR opprettheld inntil vidare det polikliniske tilbodet for barn, unge og vaksne. Omfang og innretning av oppfølginga og behandlinga blir avtalt mellom pasient og behandlar. I samband med koronaepidemien er det anbefalt at kontakten skjer via video eller telefon. Alle aktuelle pasientar vil bli kontakta slik at HMR får innhenta nødvendig samtykke.

Ved oppmøte på poliklinikk vil ein sikre godt smittevern både for pasient og behandlar.

Ambulant verksemd held fram 

Ambulant verksemd fortset inntil vidare med så normal drift som mogleg.
Telefon og video blir anbefalt, men behandlarar vil framleis treffe pasientar heime der det er nødvendig, og da med fokus på nødvendig smittevern.

Planlagd døgnbehandling, dagbehandling og gruppebehandling er innstilt inntil vidare.

Der det er medisinsk forsvarleg blir planlagd døgninnlegging utsatt. Dette gjeld inntil vidare.

Når ei innlegging blir utsatt beheld pasienten sine pasientrettigheiter, og får tilbod om innlegging på eit seinare tidspunkt.

Framleis tilbod om akutt døgnbehandling

Der pasienten er så dårlig at innlegging er heilt nødvendig vil dette fortsette som vanleg. Det vil seie at mottak, innlegging og gjennomføring av behandling ivaretakast. 

Førehandsundersøking knytt til smittevern kan bli pålagd ved og under innlegging, og nødvendige smitteverntiltak vil bli gjort ved behov.

Psykisk helse for barn og unge sin døgnseksjon utset alle planlagde innleggingar inntil vidare

Pasientar sine rettigheiter blir ivaretatt sidan alle har eit poliklinisk behandlingstilbod. Barn og unge med behov for akutt innlegging i vår døgnseksjon, der det også er mistanke om koronasmitte, vil ivaretakast i eit tilrettelagt smittemottak i døgnseksjonen.