Tilsett ved Ålesund sjukehus har testa positivt på koronasmitte

Fredag 20. mars testa ein tilsett ved Ålesund sjukehus positivt på koronavirus. Vedkommande var på jobb ved sjukehuset 12.mars, men hadde ikkje pasientkontakt, eller nærkontakt med tilsette. Vedkommande merka først symptom på smitte 13.mars.

Ålesund sjukehus

Elisabeth Siebke, klinikksjef ved Ålesund sjukehus

- Vi har ikkje grunn til å tru at verken tilsette eller pasientar ved Ålesund sjukehus har vore eksponert for smitte, seier Elisabeth Siebke, klinikksjef ved Ålesund sjukehus

Tilstanden til vedkommande som er i isolasjon heime er god.