Tilsett ved Ålesund sjukehus har testa positivt på koronavirus

Ein tilsett ved Ålesund sjukehus fekk torsdag kveld fyrste symptom på koronasmitte og fredag 15.mai kom det positive prøvesvaret. Vedkommande var på jobb ved medisinsk biokjemi onsdag og torsdag denne veka, og hadde då nærkontakt både med pasientar og tilsette ved sjukehuset.

Ålesund sjukehus

Resultat av kartlegging

Ei kartlegging fredag ettermiddag 15.mai visar at 33 pasientar har hatt nærkontakt med den smitta. Førebels visar den interne kartlegginga at 9 tilsette har vore i nærkontakt med den smitta. Sjukehuset vurderer at smitterisikoen er særs liten, men alle pasientar og tilsette som kan ha vore utsatt for smitte vil bli varsla i løpet av kvelden. Dei blir beden om å gå i heimekarantene i 10 dagar.

- Pasientar og pårørande som ønskjer meir informasjon kan ringe 916 70 427. Telefonen opnar kl. 18.00 fredag kveld og held ope til kl. 21.00. Telefonen er også ope kl. 10.00-18.00 laurdag 16.mai, seier Inge Ødven, lokal beredskapsleiar ved Ålesund sjukehus.

Påverkar ikkje drifta

Situasjonen påverkar ikkje drifta ved Ålesund sjukehus. Pasientar som er kalla inn til time neste veke skal møte som normalt. Også pasientar som blir akutt sjuke med behov for oppfølging frå spesialisthelsetenesta må ta kontakt.

- Vi har framleis strenge smitteverntiltak ved sjukehuset og det skal derfor vere trygt for våre pasientar å kome til behandling, seier Ødven