- Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrer vart følgt ved innlegging. Pasientane ligg innlagd ved kohorteininga og tilstanden til pasientane er etter forholda god. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Ålesund sjukehus har vore eksponert for smitte frå dei koronasmitta pasientane, seier smittevernoverlege Jørn Åge Longva
Ålesund kommune fekk melding om to sjuke personar om bord i eit russisk fiskefartøy torsdag 25/6 på kveldstid. Fartøyet anmoda hamnemyndigheter og helsemyndigheter om at dei sjuke fekk komme i land for medisinsk avklaring og hjelp med tanke på mulig smitte av koronavirus. Denne anmodninga vart imøtekome. Fartøyet forlot Ålesund like etter og befinn seg no i internasjonalt farvatn. Ålesund kommune og Ålesund havnevesen har meldt dette vidare til Folkehelseinstituttet og nasjonale sjøfartsmyndigheiter.