Mandag 26. oktober og tysdag 27. oktober testa to tilsette ved Ålesund sjukehus positivt for korona. Dei har vore i karantene sidan 20. oktober, med negativ koronatest 21. oktober.
Dei to tilsette er sannsynlegvis blitt smitta av samme smittekilde utanfor sjukehuset.
- Kommunen har ansvaret for smittesporinga, og sidan desse to ikke har vore på jobb, har det så langt ikkje vore nødvendig å sette fleire tilsette i karantene, seier smittevernoverlege Jørn Åge Longva.
Longva seier at ingen av desse har vore i kontakt med pasientar eller tilsette på sjukehuset etter 20. oktober.