To tilsette smitta

To tilsette ved intensivseksjonen, Ålesund sjukehus testa måndag 7. desember positivt for covid-19.


Dei tilsette har ikkje hatt pasientkontakt dei siste to døgna før dei fekk symptom.
 
Sju kollegaer er i sett i karantene som følgje av nærkontakt med dei to smitta. 

– I tråd med smittevernrutinar blir alle nærkontaktar varsla, uttalar klinikksjef Elisabeth Siebke. 

Arbeidet med smittesporing er sett i gang i samarbeid med kommuneoverlegen i Ålesund kommune.

– Dette får ingen driftsmessige konsekvensar for Ålesund sjukehus, avsluttar Siebke.