HELSENORGE

To tilsette ved sjukehuset i Molde er koronasmitta

Det er satt krisestab ved sjukehuset, og smittesporinga er i full gong.

Dei to tilsette jobbar på to ulike avdelingar på sjukehuset, men kun den eine personen har hatt pasientkontakt.

-  Vi mistenker ikkje at desse to har blitt smitta på sjukehuset. Smittesporingsarbeidet har høgste prioritet, og  vi kjem til å følgje opp tilsette og pasientar som har vore i kontakt med desse. Til no er 21 tilsette og 4 pasientar satt i karantene, seier klinikksjef Georg Johnsen ved Molde sjukehus.

Smittesporing fortsetter utover kvelden.

- Vi jobbar videre med smittesporing og vil komme med oppdaterte tall dersom det blir endringer. Vi har nært samarbeid med Molde kommune i denne saken, seier Johnsen.