Tre nye pasientar med koronasmitte innlagd i sjukehus i Møre og Romsdal

Torsdag ettermiddag 26.mars blei det lagd inn totalt tre nye pasientar til sjukehusbehandling i fylket. Éin ny pasient ved Volda sjukehus og to nye pasientar ved Kristiansund sjukehus

Auke i talet på smitta i Møre og Romsdal

Volda sjukehus

Pasienten som blei innlagd ved Volda sjukehus 26.mars har vore kjent sjuk med koronavirus, og har hatt symptom i ei veke før innlegging.

Klinikksjef Palma Hånes

- Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrar blei følgt ved innlegging. Pasienten ligg innlagd ved kohorteininga og tilstanden til pasienten er etter forholda god. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Volda sjukehus har vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten, seier klinikksjef ved Volda sjukehus Palma Hånes





Kommunen har tatt hand om smittesporingsarbeidet. Det er førebels ikkje kjent korleis vedkommande har blitt smitta.

Kristiansund sjukehus

To nye pasientar med koronavirus blei lagd inn ved Kristiansund sjukehus 26.mars.  Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrar blei følgt ved transport og innlegging. Begge pasientar fekk påvist koronasmitte før innlegginga.

Klinikksjef Åge Austheim

- Den eine pasienten blei lagd i kohorteininga ved sjukehuset til behandling. Tilstanden til pasienten er etter forholda god. Den andre pasienten har blitt dårlegare etter innkomst og får no intensivbehandling. Tilstanden er alvorleg, men stabil, seier Åge Austheim, klinikksjef ved Kristiansund sjukehus







Heimkommunane har gjennomført smittesporing i begge tilfella. Pasienten som ligg innlagt ved kohorteininga kom heim frå utlandet sist helg. Pasienten som får intensivbehandling har truleg blitt smitta av eit familiemedlem

Innlagde pasientar med koronasmitte i HMR, 27.mars kl.11.00

Kristiansund sjukehus:
3 innlagde koronapasientar. Tilstanden til to av pasientane er etterforholda god. Tilstanden til den tredje pasienten er alvorleg, men stabil

Molde sjukehus:
2 innlagde koronapasientar. Tilstanden for pasientane er alvorleg, men stabil.

Volda sjukehus:
1 innlagd koronapasient. Tilstanden for pasienten er etter forholda god

Ålesund sjukehus:
Ingen innlagde koronapasientar