Fem tilsette koronasmitta ved Sjukehusapoteket i Ålesund

Saka oppdatert mandag 5. oktober: Tilsaman fem tilsette ved Sjukehusapoteket i Ålesund har no testa positivt for Covid-19. Elleve andre tilsette er sett i karantene.

​Denne saka ble oppdatert mandag 5. oktober.

Det er no fem tilsette som har påvist koronasmitte og elleve tilsette er i karantene ved Sjukehusapoteket i Ålesund. Dei to siste som har fått påvist smitte er frå Ålesund kommune og Sula kommune. Kommunelegane er i gang med smittesporing blant nærkontaktane til dei smitta.


- Dei tre som har blitt koronasmitta har ikkje hatt pasient- eller kundekontakt, og det er difor heller ikkje mistanke om at kundar er smitta, seier smittevernoverlege Jørn Åge Longva i Helse Møre og Romsdal.

Longva legg til at ni andre tilsette er i karantene etter at ein har gjennomført smittesporing. Ingen av desse har har fått påvist symptom så langt.

To av dei smitta er frå Ålesund kommune, og ein tilsett er frå Sula kommune. Kommuneoverlegane i Ålesund kommune og Sula kommune har satt i gang med smittesporing hos nærkontaktane til dei tre smitta.

Sjukehusapoteket i Ålesund ligg i tilslutning til Ålesund sjukehus. Apoteket vil ha noko begrensa tilgjengelegheit / åpningstid mandag 5. oktober.

Kontaktinformasjon Sjukehusapoteket i Ålesund