Trygt å vere pasient ved Volda sjukehus

Tilsette ved Volda sjukehus opplever at fleire pasientar tek kontakt, og nokon vel å utsetje sine timar ved sjukehuset. Det skjer i etterkant av at tjue tilsette ved sjukehuset er satt i karantene i samband med at ein pasient med koronasmitte er innlagd ved sjukehuset.

Volda sjukehus
Volda sjukehus

Klinikksjef Palma Hånes

Klinikksjef Palma Hånes

- Pasientar tek kontakt med oss og er engstelege for koronasmitte ved sjukehuset. Dei treng ikkje å bekymre seg og skal føle seg trygge på at dei ikkje vil utsetje seg koronasmitte ved å oppsøke sjukehuset, seier Palma Hånes, klinikksjef ved Volda sjukehus.

Kontroll på smittesituasjonen

Sjukehuset oppdaga først at pasienten var koronasmitta då han blei innlagd for andre gong, søndag 10.mai. Ved første innlegging 7. mai mistenkte ein ikkje smitte, og spesielle smittevernrutinar ved koronasmitte blei ikkje vurdert som nødvendig. Alle tilsette som var i nærkontakt med pasienten 7.-8. mai, samt ein pasient er satt i heimekarantene

- Vi gjennomførte ein grundig kartlegging ved sjukehuset og er trygg på at alle tilsette som hadde nærkontakt med den koronasmitta pasienten no er i heimekarantene. Dei som får symptomar vil bli testa i tråd med retningslinene frå Folkehelseinstituttet, seier Jørn-Åge Longva, smittevernoverlege i føretaket.

Kom til sjukehuset

Volda sjukehus har ei klar oppmoding til innbyggarane om at det er heilt avgjerande for helsa til mange at dei kjem til oppsett time. Mange pasientar gjennomgår viktige behandlingsforløp og det er særs viktig at dei ikkje får eit avbrot i si behandling

- Også pasientar som blir akutt sjuke med behov for oppfølging frå spesialisthelsetenesta må kontakte oss. Vi har framleis strenge smitteverntiltak ved sjukehuset og det skal derfor vere trygt for våre pasientar å kome til behandling, seier Hånes.

Totalt er 3 pasientar med koronasmitte innlagd ved sjukehusa i fylket 14.mai.