Unikt samarbeid skal kutte sjukefråveret

NAV og spesialisthelsetenesta går saman i eit felles prosjekt for å kutte sjukefråveret for pasientar med muskel-skjelett plager og lettere psykisk lidingar. Denne gruppa står for 60% av sjukefråveret i Norge, og samarbeidet skal sørge for at desse kjem raskare til behandling, samstundes som dei beheld tilknytninga til arbeid og arbeidsgjevar.

Teamet i Molde: Bak frå venstre: Reidun Høidal, psykologspesialist i HMR, Marit Håkonsen, veiledar i NAV, Johanna Vigfusdottir, psykolog i HMR.












1. september gjekk startskotet for Helse i arbeid (HelseIArbeid). Eit nytt nasjonalt samhandlingsprosjekt mellom spesialisthelsetenesta og NAV med mål om å styrke samfunnets evne til å inkludere og legge til rette for at personer med forskjellige utfordringar kan stå i arbeid. Helse Møre og Romsdal har saman med NAV bygd opp kapasitet og eit behandlingsteam for Sunnmøre og eit team for Nordmøre/Romsdal.

60% av sjukefråveret er muskel-skjelett og psykiske plager
 

Teamet i Ålesund: Desse var tilstede når bildet vart tatt: Spesialfysioterapeut Liv Schrøder, seksjonsleiar Hanne Svejstrup Elde og NAV-veileder Frid-Janet Skaar.

Forsking viser at sjukmeldte med muskel-skjelett og psykiske plager får best behandling gjennom samtidig tverrfaglig oppfølging.
- Vi har sett saman eit team med spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, spesialfysioterapeutar, manuellterapeut, arbeidsrådgivar, psykolog og NAV-veiledar. Til saman skal desse sikre rask avklaring og tidleg innsats for å redusere sjukefråver for pasientar med alle muskel-skjelettplagar seier seksjonsleiar Hanne Svejstrup Elde ved poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi ved Ålesund sjukehus, som skal stå for tilbodet på Sunnmøre.

I Nordmøre og Romsdal er det Tverrfagleg ryggpoliklinikk og kurssenter saman med poliklinikk for psykisk helse som skal tilby tenestene. Dei har sett saman eit tverrfagleg team med psykologar , nevrolog, spesialfysioterapeutar, sosionom og NAV-rettleiar. Dei vil bli eit tilbod for nakke/ryggplagar og psykiske lidingar.

Tidleg avklaring er nøkkelen
-Forsking viser at sannsynlegheita for å komme tilbake i arbeid blir redusert etter berre 2-3 månaders sjukefråver, seier spesialfysioterapeut Marianne Sletnes ved Tverrfagleg Ryggpoliklinikk Molde.
Spesialfysioterapeut Liv Schrøder ved poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi i Ålesund legg til at ein ønskjer å få henvist pasientar så raskt som mogleg. Dei treng ikkje å ha prøvd behandling i primærhelsetjenesten før dei blir henvist.

NAV ein viktig medspelar
- Vi er ein del av teamet rundt pasienten og kan ta raske beslutningar, seier NAV-veileder Frid-Janet Skaar tilknytta individtiltak Sunnmøre. Ho legg til at fokus er å kartlegge situasjon til pasienten på arbeidsplassen, avklare eventuelle behov for bistand frå NAV og bistå i vurderinga omkring moglegheitene for å stå i jobb til tross for helsemessige begrensningar.
Det å stå i arbeid er helsefremmande.

NAV- Ålesund har avgitt 40% ressursar til ein NAV-rettleiar til teamet på Sunmmøre og NAV-Molde har avgitt 20% ressursar til teamet i Nordmøre og Romsdal.

Skal også arbeide mot bedriftene
Helse Møre og Romsdal og NAV skal også ut til bedrifter for å informere om vanlege helseplager og korleis ein kan ta vare på arbeidstakarar med slike plager. I første omgang er det valgt ut to bedrifter på Sunnmøre og det same i Nordmøre og Romsdal.
- I møte med bedriftene skal vi ha fokus på muskel-skjelettplager, inkludering på arbeidsplassen, smertemestring og arbeidsmiljø, og psykisk helse. Spesilalisthelsetenesta og NAV-arbeidslivssenter skal vere saman om desse møta, og målet er at bedriftene arbeider med prosesser innad i bedrifta mellom møta, seier spesialfysioterapeut Marianne Sletnes i Molde.

Samarbeider med primærhelsetenesta
Tilboda på Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal håper på økt henvisning og et godt samarbeid med primærhelsetjenesta. Dei tverrfaglege teama er no på plass til å ta imot pasientar.
- Vi håper at dette unike tilbodet hvor NAV og spesialisthelsetjenesta får anledning til å komme inn tidleg og samtidig - gjer at ein slepp lange sjukefråværsløp. Ofte ser man at mykje tid går vekk i venting, seier Nav-veileder Marit Håkonsen som har ansvaret for region Nordmøre og Romsdal.