Utvidar SNR Kristiansund med fleire pasienttilbod

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, har vedtatt fleire nye spesialisthelsetenester lagt til Kristiansund som ein del av det samla pasienttilbodet i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Skisse SNR Kristiansund, inngangsparti

- Dei nye tilboda retter seg mot relativt store pasientgrupper, og er godt egna for lokalisering både ved SNR Kristiansund og akuttsjukehuset på Hjelset. Eit justert tilbod i SNR Kristiansund vil styrke det medisinske tilbodet for befolkninga i Nordmøre og Romsdal, seier Bakke.

God intern medverknad

To arbeidsgrupper med tilsette både frå Kristiansund og Molde har vore involverte i arbeidet med å tilrå eit justert og oppdatert innhald i SNR Kristiansund. Det tek høgde for relevant medisinsk utvikling, nye nasjonale føringar og dialog med fagmiljøa. Arbeidsgruppene har lagt vekt på at tilbod som pasientar treng ofte, bør ligge nært og for tilbod ein treng sjeldan så er det akseptabelt med ein noko lenger reiseveg.  Dei nye tilboda i Kristiansund ligg innanfor konseptet som inneberer at det ikkje skal etablerast akutt beredskap, doble vaktlag for legar eller døgnkontinuerleg turnus i Kristiansund. Basert på arbeidsgruppene sine anbefalingar, fatta Bakke sitt vedtak.

- Eg vil gi ros til tilsette ved sjukehusmiljøa i Kristiansund og Molde som gjennom denne prosessen har arbeidd saman for å styrke det framtidige pasienttilbodet, seier Bakke.

Vedtekne funksjonar og kapasitet ved akuttsjukehuset på Hjelset er ikkje endra som eit resultat av arbeidet med oppdatert innhald i Kristiansund. Det er viktig å understreke at dei nye tilboda som blir etablert i Kristiansund kjem i tillegg til tilbodet ved akuttsjukehuset på Hjelset og ikkje i staden for.

Nye tilbod i Kristiansund

Utvida ortopedisk tilbod

HMR skal tilby elektiv ortopedisk kirurgi med hovudvekt på protesekirurgi for utvalde pasientgrupper i Kristiansund. Unnataksvis må ortopediske pasientar overnatte, men det føreset at Kristiansund kommune etablerer døgnplassar lokalisert i same bygg.

Screeningsenter mot tjukk- og endetarmskreft

Helseføretaket sitt fagnettverk innan gastroenterologi tilrår at det blir etablert to slike screeningsenter i fylket, eit i Ålesund og eit i Kristiansund. Blir finansiert via nasjonale øremerka midlar. 

Poliklinisk tilbod med AMD-injeksjonar til augepasientar

HMR ønsker å tilby behandling av augesjukdommen kalk på netthinna i Kristiansund, men det føreset augelege som fagleg ansvarleg.

Utadretta/ambulante tenester innan geriatri

I tillegg til geriatrisk poliklinikk skal det ved SNR Kristiansund vere utadretta/ambulante tenester innan geriatri.

Tannbehandling i narkose

HMR inngår ny samarbeidsavtale med Fylkestannlegen om pasientar der tannbehandlinga skjer i narkose på sjukehus. Tilbodet blir vidareført ved SNR Kristiansund.

Urologisk poliklinikk

HMR ønsker å etablere eit poliklinisk tilbod i Kristiansund inkludert urodynamikk.

Nevrologisk poliklinikk

Eit poliklinisk tilbod blir etablert ved Kristiansund sjukehus i løpet av våren 2021 og vidareført i SNR Kristiansund

Tilbod om palliative tenester

HMR vil tilby palliativ (smertelindrande) behandling i Kristiansund for alvorleg sjuke pasientar og til pasientar som har ein livstruande sjukdom som ikkje kan kurerast. Tilbodet er ein viktig samhandlingsarena mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.

Tilbod frå klinisk ernæringsfysiolog

Eit poliklinisk tilbod frå klinisk ernæringsfysiolog vil vere ein del av det eit felles fagmiljø ved SNR.

Tilbod om logopeditenester

Denne tenesta spesielt viktig for til dømes slagpasientar og pasientar med nevrologiske sjukdommar. Eit tilbod i SNR Kristiansund føreset samarbeid med kommunar.

Pusterom                                   

Pusterommet er eit treningssenter der kreftpasientar under rettleiing og i trygge rammer kan trene under og etter kreftbehandling. Det er allereie etablert eit pusterom ved Kristiansund sjukehus og dette blir vidareført.

Tilbod innan læring og meistring

Tilbod innan læring og meistring er allereie etablert i Kristiansund og blir vidareført.

Barnetilbod

Barnetilbodet ved SNR Kristiansund blir fastsett nærare innflytting i SNR.

 

- Det utvida somatiske tilbodet vil i mindre grad utløyse behov for meir areal, utstyr og ombyggingar. Investeringsramma på 110 MNOK (januar 2020-kroner) knytt til SNR Kristiansund blir ikkje auka som konsekvens av eit utvida somatisk tilbod i SNR Kristiansund, seier Bakke

Tilbod innan psykisk helsevern og rus

Med bakgrunn i faglege synergiar og framtidige behov for vedlikehald av bygningsmasse, rår Bakke til at ein flyttar vaksenpsykiatrisk poliklinikk og BUP inn i SNR Kristiansund. Føresetnaden er at dei økonomiske vurderingane sikrar finansiering og adm. dir. vil kome tilbake til styret i HMR med ei sak primo 2021.

Oversikt over tilbod vedtatt i konseptfasen

I tillegg til dei nye pasienttilboda er følgjande tenester vedtatt lagt til Kristiansund i konseptfasen for SNR i 2016. Tenestene skal konkretiserast i det vidare arbeidet:

  • Biletdiagnostikk (konvensjonell røntgen, ultralyd, CT og MR.)
  • Laboratorietenester (prøvetaking, laboratorieanalyser og blodgiving)
  • Ortopedisk dagkirurgi
  • Gynekologisk dagkirurgi
  • Kirurgisk og ortopedisk poliklinikk
  • Gynekologisk poliklinikk
  • ØNH-poliklinikk (utført av avtalespesialist)
  • Høyrselstilbod/høyrselssentral
  • Hudpoliklinikk med lysbehandling
  • Medisinsk poliklinikk inkludert geriatrisk poliklinikk
    Innanfor medisinsk poliklinikk er det til saman 8 ulike aktuelle greinspesialitetar
  • Medisinsk dagbehandling (gjeld i stor grad pasientar som treng infusjonar)
  • Cytostatikapoliklinikk
  • Dialysebehandling
  • Ambulansestasjon

Les også saka som skal opp i styremøtet 14.oktober 2020