Val av sjukehus for koronapasientar

For å oppretthalde mest mogleg av ordinær sjukehusdrift er det behov for ei samordna styring av kva sjukehus som til ei kvar tid har inneliggande pasientar med påvist Covid-19.

​Alle dei fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal skal kunne ta imot og stabilisere dårlege Covid-19-pasientar i mottak og/eller på intensiv, mens vidare behandling skal skje ved utvalt sjukehus. Dette gjeld både for pasientar som må ha intensivbehandling og andre.

Fram til 31. oktober er det Molde og Ålesund sjukehus som skal ha inneliggande pasientar med påvist Covid-19. Pasientar med kjent Covid-19-smitte som treng innlegging skal då visast direkte til Molde og Ålesund. Ordninga skal vidare evaluerast og ev. justerast.

Det er klinikksjefane for Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund sjukehus som fortløpande vurderer situasjonen og besluttar kor mange sjukehus som skal ha inneliggande pasientar med påvist Covid-19. Målsettinga er å berre bruke eitt sjukehus, så lenge situasjonen tillet det, og dermed sikre mest mogleg av den ordinære sjukehusdrifta i fylket.