Vatnlekkasje på poliklinikken for psykisk helse i Kristiansund

Ei vatnledning har sprokke lekk og ført til vannskadar på fleire kontor og møterom. Delar av bygget vil truleg bli stengt.

Vatnlekkasje i lokala til DPS Solhagen
Vatnlekkasje i lokala til DPS-et

I løpet av helga har ei vatnledning sprokke lekk på det distriktspsykiatriske senteret Solhagen i Kristiansund.

Lekkasjen har ført til skadar på fleire rom i bygget som husar den polikliniske verksemda innan psykiatri i Kristiansund.

- Lekkasjen er no stoppa, men det er vatnskadar på rommet kor lekkasjen oppstod og i tilstøytande rom, samt i etasjen under, seier seksjonsleiar og avdelingssjef Tor Nygaard i Klinikk for psykisk helse og rus.

Fleire behandlingsrom og kontor er ramma, noko som vil få konsekvensar for drifta på poliklinikken dei første dagane.

- Truleg må delar av bygget stengast. Vi tek no kontakt med nokre av pasientane som har time på mandag, og får booka dei inn på eit anna tidspunkt. Vi håper at vi kjem tilbake i normal drift i løpet av veka, seier Nygaard.