Vedtok ny organisasjonsmodell i Helse Møre og Romsdal

Sjukehusa i Møre og Romsdal blir organisert klinikkvis, og to nye tverrgåande klinikkar blir oppretta.

Styreleiar Ingve Theodorsen og adm.dir Øyvnid Bakke

Styreleiar Ingve Theodorsen og adm.dir Øyvnid Bakke

På styremøtet onsdag fekk adm.dir Øyvind Bakke tilslutning til å endre prinsippa for organisering av helseføretaket.

Bakke går inn for ein hybrid organiseringsmodell med eigne sjukehusklinikkar i kombinasjon med tverrgåande klinikkar.

Stadleg leiing

Det betyr at sjukehusa i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda får eigne stadlege klinikksjefar som har ansvaret for fagområda medisin, akuttbehandling og kirurgi på sitt sjukehus.

Les også: Vil innføre stadleg leiing ved dei fire sjukehusa

I dag har kvar klinikk konsekvent vore organisert med fire leiarnivå. Slik vil det ikkje nødvendigvis bli framover.

- Eg er opptatt av at vi må sjå på storleiken på einingane, og vurdere det opp mot behovet for fire leiarnivå. Dette blir ei vurdering som dei nye stadlege klinikksjefane også må ta del i, seier Bakke.

Klinikkane som fortsatt vil vere tverrgåande, er:
 - Klinikk for kvinner, barn og ungdom
 - Klinikk for diagnostikk
 - Klinikk for drift og eigedom
 - Klinikk for psykisk helse og rus
 
I tillegg blir det oppretta to nye klinikkar: Klinikk for kreft og rehabilitering og Klinikk for prehospitale tenester. Desse blir også organisert på tvers.

Nytt organisasjonskart

Nytt organisasjonskart

Fremje samarbeid med kommunane
Innanfor stabsområda vil samhandlingssjefen, som tidlegare har vore organisert under fagdirektør, bli tatt inn i leiargruppa og skal rapportere direkte til administrerande direktør.

- Det å fremje samarbeidet med kommunane vil vere eit viktig område for oss. Derfor vil samhandlingssjefen no rapportere direkte til meg. Innanfor Klinikk for prehospitale tenester trur eg vi vil sjå eit enda nærare samarbeid med kommunane framover, seier Bakke.

Det blir også etablert ein organisasjonsutviklingsfunksjon i SNR som skal rapportere direkte til administrerande direktør.

- Denne funksjonen blir viktig for å arbeide mot eit felles fagmiljø og ein felles organisasjonskultur for sjukehusa i Kristiansund og Molde fram til SNR står klart. Vi må øve på å jobbe saman, dette er ikkje et arbeid som kan startast idet SNR står klart, seier Bakke.

Ny organisasjon på plass frå 1. mars
Mandag 3. februar vil det bli kjent kven som skal trer inn i dei nye klinikksjefstillingene.

Planen er at det nye organisasjonskartet skal tre i kraft frå 1. mars 2020.

- For å sikre ein god og forsvarleg prosess overfor tilsette som blir berørt, vil vi nytte omstillingsavtalen som er inngått mellom Helse Midt-Norge og arbeidstakarorganisasjonane, seier Bakke.