Vi er førebudd på å ta imot pasientar med Coronasmitte

Helse Møre og Romsdal er godt førebudd på å ta imot pasientar med mistanke om Coronasmitte, det seier smittevernoverlege i føretaket, Jørn-Åge Longva

Coronavirus er ikkje påvist så langt i Møre og Romsdal

I samband med at det fyrste tilfellet av coronasmitte er blitt påvist i Norge, har Longva motteke fleire telefonar med spørsmål om HMR si handtering av tilfelle av coronasmitte.

- Vi har gjort fleire nødvendige tiltak for å sikre at vi skal handtere pasientar med mistanke om coronasmitte på ein god måte, seier Longva.

God pasientbehandling

Målet er å gje pasientane best mogeleg behandling, samtidig som ein beskyttar helsepersonell og sikrar godt smittevern.

- HMR er avhengig av eit godt samarbeid med kommunehelsetenesta for å kunne handtere coronapasientar og vi har derfor sendt ut eit oppdatert informasjonsskriv til kommunane i fylket i dag, seier Longva.

Informasjonsskriv til kommunane

Ny prosedyre og oppdatert planverk

Longva fortel at HMR mellom anna har på plass ein ny prosedyre for handtering av pasientar med mistanke om corona og at alle lokale delplanar for sjukehusa er oppdatert.

- Vi har innført faste statusmøte internt i HMR og vi deltek på regionale møte i Helse Midt-Norge for å halde oss oppdatert på situasjonen, seier Longva.

Førebels er det ikkje påvist tilfelle av coronavirus i Møre og Romsdal