Videokonsultasjonar har spart miljøet for over 30 tonn CO2

Dei sist vekene har Helse Møre og Romsdal booka over 1000 videkonsultasjonar i veka. Det har spart pasientane for 3500 reisetimar og miljøet for godt over 30 tonn med CO2-utslepp. Og pasientane – dei er godt fornøgd med tenesta.

Helse Møre og Romsdal opplever ei kraftig auke i videokonsultasjonar mellom behandlarar på sjukehusa og pasientane i desse koronatider. Ei undersøking utført av helseføretaket viser at ein hittil i år har spart godt over 30 tonn med CO2-utslepp, og spart pasientar for reiser tilsvarande fem turar rundt ekvator.

- Kvar veke bookar vi no over 1000 konsultasjonar via video i Helse Møre og Romsdal. Det gir store miljøbesparingar og ikkje minst så sparar vi pasientane for reisetid, seier innovasjonsrådgivar Christer Jensen i føretaket.

Innovasjonsrådgivar Christer Jensen i Helse Møre og Romsdal.


Jensen fortel at helseføretaket arbeider mot ei målsetting om å gjennomføre 25.000 videokonsultasjonar i 2020. Det vil bety eit redusert utslepp på 437 tonn CO2 og 50.000 sparte reisetimar for pasientane.

Fornøgde pasientar
Ikkje nok med at ein sparar miljøet, men pasientane er også godt fornøgd med tenestene dei får via video. Avdeling for barnemedisin og habilitering hadde 60 prosent fleire videokonsultasjonar siste veka enn heile året sett under eitt.

- Vi får gode tilbakemeldingar både frå pasientar, føresette og behandlarar i bruk av videokonsultasjonar. Det er likevel litt utfordrande å ikkje kunne fange opp subtile endringar i stemning, og samspel mellom barn og føresette, som i nokre problemstillingar er viktig, seier sekjonsoverlege i pediatri Vegard Helgheim ved avdeling for barnemedisin og habilitering.

Helgheim legg til at erfaringane ein no gjer seg nok vil gje varige endringar i mange av helstenestene. Særleg i desse smittetider sparar avdelinga tid, sidan ein til dømes slepp å reingjere rom mellom kvar pasient.

Barne- og ungdomspsykiatrien med flest konsultasjonar
Det er psykiatrien som har gjennomført flest konsultasjonar ved bruk av video. I barne- og ungdomspsykiatrien er heile 82 prosent av konsultasjonane med video, men no ser ein også at dei klinikkane som behandlar fysiske sjukdommar (somatikk) kjem etter.

- Somatikk har den siste veka hatt ein kraftig vekst. I veke 17 står somatikk for 41prosent av alle videokonsultasjonar. Til sammenligning så stod somatikken for berre 23 prosent i den første veka i april, opplyser Jensen, som legg til at digitalisering av tenestene ved å bringe sjukehusa nærare pasientane, er ei nasjonal målsetting.

Ønskjer tilbakemeldingar
Helse Møre og Romsdal har sidan introduskjonen av videokonsultasjonar arbeidd med å forbetre tenesta. Både pasientar og behandlarar som har gjennomført ein videokonsultasjon får ei enkel undersøking som tek omtrent 2 minuttar.

- Vi har eit team som kontinuerleg gjer tenesta betre etter tilbakemeldingar frå brukarane. Det gjeld tekniske løysingar, men like mykje omfattar det informasjon, opplæring og bistand både til pasientar og behandlarar, seier Jensen, som håpar flest mogleg svarar på undersøkinga.