
Brukar John Kulø stod for den offisielle opninga ved Kristiansund sjukehus. T.v. klinikksjef Åge Austheim.
Kvart år har Helse Møre og Romsdal omtrent ein halv million konsultasjonar mellom pasient og behandlar. Mange av desse er berre eit kort møte, men sjølve turen kan ta mange timar for pasientane. Helseføretaket har difor utvikla eige rom for videokonsultasjonar, og mandag var det offisiell opning ved Kristiansund sjukehus.
- Dette virka mykje enklare enn eg trudde, sa brukar John Kulø, som stod for åpninga i Kristiansund.
- Alt ein treng å gjere er å gå inn på rommet, trykke på ein knapp – og så er samtalen i gong, fortalde klinikksjef for Kristiansund sjukehus Åge Austheim ved opninga

Slik er videoromma på alle sjukehusa i fylket.
Lett tilgjengeleg
Videoromma er plassert lett tilgjengeleg ved sjukehusa i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Pasientane får innkallingsbrev, og møter ved sitt lokalsjukehus og gjennomfører samtale i videorom mot behandlar ved eit anna sjukehus.
- Vi har eit mål om å redusere unødig reising ved kontroll, og samtidig skal vi ha respekt for folks tid og vi skal være effektive, sa Åge Austheim.
Velegna for mellom- og etterkontrollar
Dei spesialbyde videoromma gjer at videokonsultasjonar lettare kan gjennomførast med god lyd- og bildekvalitet til beste for helsepersonell og brukarar. Dei er enkle i bruk, har universell tilkomst, og fleire behandlarar, og også tolk kan være påkobla samtidig. Og ikke minst kan pårørande også vere med.
- Videokonsultasjonar er særleg velegna for mellom- og etterkontrollar der kliniske undersøkingar ikkje er naudsynt, samtidig som vi kan formidle prøvesvar og avtale vidare oppfølging, seier Åge Austheim, og legg til at sparte reiser er også bra for miljøet.
Her finn du videoromma:
- Molde: 1. etasje - Medisinsk poliklinikk
- Volda: Underetasje - Møterom 4
- Ålesund: 1. etasje - Vestibyle Nord poliklinikkar
- Kristiansund: 1. etasje – Vestibyle
Du kan lese meir om korleis videoromma fungerer på denne lenka.