- Vi ønskjer at alle som er kalla inn til time ved eitt av sjukehusa i Møre og Romsdal, og som har vore i områder med vedvarande spreiing av koronavirus om å ta kontakt. Oppmodinga gjeld også personar som har vore i nærkontakt med ein person som har fått påvist koronaviruset i løpet av dei siste 14 dagane, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.
Kontakt med sjukehuset
Pasientar vil finne telefonnummer i innkallingsbrevet, eller dei kan ringe sentralborda ved sjukehuset. Om pasientar blir råda til ikkje å møte opp, så er tilbodet om ein ny time på eit seinare tidspunkt.

Plakatar som møter pasientar ved sjukehusa
Dette er eit tiltak for å hindre smittespreiing, og er i tråd med
råd frå Folkehelseinstituttet. Sjå område som FHI
omtalar som høyrisikoområder for koronasmitte.