Koronasituasjonen gjer at helseføretaket framleis har adgangskontroll og besøksrestriksjonar ved sjukehusa.
Frå 4. august vil det vere strengare restriksjonar for besøkande som har vore på reise i utlandet dei siste ti dagane.
Som hovudregel vil alle som har vore i utlandet ikkje desse få tilgang til å besøke pasientar, med mindre det er særskilte behov.
Tidlegare har dette omfatta berre dei som har opphalde seg i raud/grå sone, men no gjeld dette også dei som har vore i grøn sone.
Fortsatt gjeld følgande prinsipp:
- Alle besøk skal fortsatt avtalast på førehand telefonisk
- Anbefalt besøkslengde er i utgangspunktet satt til 30 minutt, med mindre noko anna er avtalt med behandlande personell
- Kjernetida for besøk er mellom kl 17 og 19 på kvardager og mellom kl 16 - 18 på helg
- Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta Covid-19, samt dei som er definert som nærkontakt eller har vore i utlandet (gjeld alle land) dei siste ti dagane, skal som hovudregel ikkje besøke sjukehus eller helseinstitusjonar i HMR. Unntak kan innvilgast for kritisk sjuke og/eller døande. Besøkende må da følge anbefalte smittevernråd, samt bruke kirurgisk munnbind under besøket.
Som besøkande må du vere førebudd på følgande:
- Møte i adgangskontrollen ved hovudinngangane
- Få spørsmål for å avklare risiko for covid-19
- Halde avstand til tilsette og andre pasientar/besøkande for å avgrense smitte
- Vere ekstra påpasseleg med handhygiene
- Halde 1 meters avstand til den du skal besøke