Viktig informasjon til besøkande ved sjukehusa i Møre og Romsdal

I samband med auken i talet på koronasmitta i fylket den siste tida går Helse Møre og Romsdal ut med ei påminning om dei strenge restriksjonane som gjeld for besøk ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Besøkande vil møte vektarar ved inngangen til sjukehusa

Torstein Holde, fagdirektør i HMR

- Vi forstår at mange vil besøke sine næraste, men med dagens smittesituasjonen må vi avgrense talet besøkande ved sjukehusa våre, seier Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal

Den siste veka er det registeret ei kraftig auke i talet på smitta innbyggarar i Molde og i Kristiansund. Per. 5 oktober er det to pasientar innlagd med koronasmitte i HMR.


Følgande prinsipp gjeld for besøk ved føretaket sine sjukehus:

• Alle besøk skal fortsatt avtalast på førehand telefonisk
• Anbefalt besøkslengde er i utgangspunktet satt til 30 minutt, med mindre noko anna er avtalt med behandlande personell
• Kjernetida for besøk er mellom kl. 17.00 og kl. 19.00 på kvardagar og mellom kl. 16.00 – 18.00 på helg
• Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta Covid-19, samt dei som er definert som nærkontakt eller har vore i utlandet (gjeld alle land) dei siste ti dagane, skal som hovudregel ikkje besøke sjukehus eller helseinstitusjonar i HMR. Unntak kan innvilgast for kritisk sjuke og/eller døande. Besøkende må da følge anbefalte smittevernråd, samt bruke kirurgisk munnbind under besøket.


Som besøkande må du vere førebudd på følgjande:

• Møte i adgangskontrollen ved hovudinngangane
• Få spørsmål for å avklare risiko for covid-19
• Du blir registrert. Vi må ha oversikt om det blir behov for smittesporing.
• Halde avstand til tilsette og andre pasientar/besøkande for å avgrense smitte
• Vere ekstra påpasseleg med handhygiene
• Halde 1 meter avstand til den du skal besøke

For besøk ved HMR sine andre institusjonar, ta kontakt med den aktuelle institusjonen for meir informasjon og for å gjere avtale om besøk. 

Informasjon til fødande og partnar i samband med covid-19