Viktig informasjon til fødande

Føde- og barselavdelingane på sjukehusa i Møre og Romsdal har innført ein rekke tiltak knytt til koronasituasjonen. Her er informasjon til deg som ventar barn.

Frå fødeavdelinga i Molde

Frå fødeavdelinga i Molde

Tror du fødselen er i gong?

Ring fødeavdelinga:

Ålesund sjukehus: 70 10 59 59 / 70 10 59 40
Molde sjukehus: 71 12 17 60
Kristiansund sjukehus: 71 12 18 05
Volda sjukehus: 70 05 83 61

Smitterisiko

  • Vi vurderer smitterisiko individuelt, både hos mor og ledsager
  • Om ledsager har luftveisinfeksjon/smitte/sit i karantene kan Han/ho dessverre ikkje vere med på fødselen
  • Om mor har luftveisinfeksjon/smitte/sit i karantene, vil ho vere i isolasjon


Om fødselen

  • Ledsager kan delta i den aktive delen av fødselen. Kor tidleg han/ho kan kome inn, dersom det går lang tid frå innlegging til den aktive delen av fødselen er i gang, blir avgjort i kvart tilfelle.
  • Ledsager får vere med på keisarsnitt
  • Det er opna for vannfødsel igjen


Om barselopphaldet

  • Eventuell isolasjon blir vidareført på barsel
  • Barselopphald vil haldast så kort som mogleg (2 døgn – inntil nødvendige undersøkingar er gjort)
  • Partner kan komme på besøk under barselopphaldet, så lenge han/ho er heilt frisk og ikkje er i karantene
  • Det vil vere adgangskontroll ved sjukehusa/barselavdelinga og besøk kan avtalast i tida mellom kl. 18.00-20.00. Partner må opphalde seg på barselrommet under besøket, ha avstand til personell, andre pasientar og besøkande.
  • Personellet i føde-/barselavdelinga vil gi nærmare informasjon om besøksordninga etter fødselen.
  • Vi kan dessverre ikkje tillate besøk av andre, heller ikkje søsken til den nyfødde.
  • Nyfødde kan ikkje takast ut av avdelinga før ved utskriving

Om polikliniske konsultasjonar

  • Avtalte timar går som normalt, om ikkje du får anna beskjed.
  • Det er svært viktig å følgje informasjonen som blir sendt på SMS i forkant av timen.
  • Ved polikliniske undersøkingar/ultralyd, kan partnar inntil vidare ikkje vere med


Vi ber deg i størst mogleg grad stille spørsmål om graviditeten til lokal jordmor/fastlege i di kommune.


Vi ber om forståing for desse tiltaka, og beklager ulempene det inneber. Vi vil legge til rette for ei trygg og god oppleving under fødselen og barselopphaldet. 

Meir informasjon:

Informasjon fra Folkehelseinstituttet om graviditet og koronasmitte/-sykdom

Råd om korona til foreldre, barn og gravide fra HelseNorge