Vil gi Skanska ein siste frist for å kome med endeleg tilbod

Forhandlingane med Skanska om ein gjennomføringsavtale for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset går mot slutten, utan at partane har kome til einigheit om pris. 8.desember leverte Skanska eit tilbod som er langt over forventa marknadspris.

Nytt akuttsjukehus skal byggast på Hjelset

- Helse Møre og Romsdal kan ikkje forsvare å inngå ei gjennomføringsavtale med Skanska basert på deira tilbod. Eg tilrår derfor til styret at vi sendar Skanska eit varsel om avbestilling samtidig som vi gir dei ein siste frist til å kome med sitt endelege tilbod, seier adm. dir. Øyvind Bakke

Forhandlingar i haust

Sidan kontrakten med Skanska blei inngått i oktober 2019 har partane samhandla om utvikling av prosjektet. Ein er einige om innhald og utforming av akuttsjukehuset der bestillinga frå HMR er godt ivareteke når det gjeld funksjonar og kapasitet. Partane har i lang tid forsøkt å bli einige om ein pris for gjennomføringsfasen, men har ikkje lukkast i å komme til einigheit, til tross for at det er gjennomført ei rekkje forhandlingsmøte.

- SNR-prosjektet og Skanska har i fellesskap fått utarbeidd ein benchmarkingrapport kor ein har samanlikna kalkylane frå Skanska mot andre sjukehusprosjekt. Benchmarkinga visar at Skanska sine kalkylar ligg høgt over andre samanliknbare prosjekt, noko som gjer at vi må førebu oss på ei gjennomføring utan Skanska som totalentreprenør, seier Johan Arnt Vatnan, leiar av prosjektstyret for SNR.

Vil sikre framdrift

For føretaket er det er kritisk viktig å sikre framdrifta i prosjektet og har bedt SNR-prosjektet førebu eit grunnlag slik at styret i HMR kan velje ein alternativ gjennomføringsmodell. Etter planen vil Bakke leggje fram ei sak om vidare handtering av prosjektet i eit ekstra styremøte i januar.

- Basert på kalkylearbeidet og benchmarkinga mot andre sjukehusprosjekt vurderer eg uansett at det er behov for å auka prosjektet sine  økonomiske rammer. I det vidare arbeidet blir det gjennomført ei ny usikkerheitsanalyse som gir ny prognose og forslag til nye kostnadsrammer for prosjektet som eg vil leggje fram for styret i januar, seier Bakke

Snarleg konkurranse for prosjektering

Bakke har også bedt prosjektet om å førebu ein konkurranse som kan gå ut i marknaden så raskt som mogeleg for å skaffe rådgivarer og arkitektar, noko som sikrar framdrift i det vidare prosjekteringsarbeidet.

Måndag 14.desember startar Skanska som planlagd opp med førebuande arbeid på sjukehustomta.  Arbeidet inneber mellom anna etablering av parkeringsplassar og anleggsvegar, arbeid med infrastruktur, samt klargjering for kontorrigg og bustadrigg

- Vi er i ein særs vanskeleg situasjon, men Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal realiserast og derfor må vi finne ein best mogleg veg vidare for prosjektet, avsluttar Bakke