Vil innføre stadleg leiing ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal

I styremøtet 29. januar vil administrerande direktør Øyvind Bakke leggje fram ei sak med nye prinsipp for organisering av verksemda.

Frå besøket på operasjonsavdelinga i Ålesund i fjor.

Frå besøket på operasjonsavdelinga i Ålesund i fjor.

Sidan 2016 har helseføretaket vore organisert med tverrgåande klinikkar. Medan seksjonsleiarane i hovudsak har vore stadlege, har fleire av avdelingssjefane hatt ansvar for fagområde på fleire sjukehus.

Hybrid modell

Den nye direktøren vil foreslå å endre på delar av organisasjonsmodellen, slik at sjukehusa får ein stadleg klinikksjef med ansvar for fagområda medisin, kirurgi og akuttmedisin for det einskilde sjukehus. Den stadlege klinikksjefen blir også ein del av administrerande direktør si leiargruppe.

Det betyr at nokre klinikkar vil bli organisert på kvart sjukehus, medan andre framleis vil vere tverrgåande.

- Stadleg leiing har vore påpeikt som eit ønske frå fleire leiarar, tillitsvalde og tilsette. I dag er nokre av klinikkane særs store, og med lange avstandane mellom sjukehusa går mykje av leiarane si arbeidstid med til reising. I tillegg har ein ikkje klart å oppnå dei økonomiske resultata som er stilt frå eigar og styret. Mi vurdering er at ei omorganisering er naudsynt for å drive pasientbehandling innanfor dei økonomiske rammene. Eg meiner at stadleg leiing ved kvart enkelt sjukehus  er hensiktsmessig for å optimalisere drifta og nå måla, seier Bakke.

Klinikkane som blir omfatta av endringa, er Klinikk for medisin og rehabilitering, Klinikk for akuttbehandling og Klinikk for kirurgi.

Les heile styresaka her.

Ny organisering er ikkje nok

Bakke understreker at organisasjonsmodell i seg sjølv ikkje er løysinga for å betre den økonomiske situasjonen i føretaket.

- Mitt mål er at fleire avgjersler skal takast lenger ned i organisasjonen og nærare pasienten. Vi treng effektive leiarliner for å sikre raskare avklaringer, og gjennomføringskraften må aukast i tida framover, seier Bakke og legg til:

- Samtidig må vi ta med oss dei positive erfaringane ved å drive på tvers. Den tverrgåande strukturen har mellom anna ført til større grad av samarbeid mellom sjukehusa, og mindre variasjon i pasienttilbodet.  Noko som eg vil trekkje fram er arbeidet med standardisering av fag og behandling, noko vi skal fortsette med, seier Bakke.

Styresaka om prinsipp for organisering av helseføretaket blir behandla på styremøtet 29. januar.

På styremøtet vil Bakke gjere nærare greie for korleis han har tenkt å gjennomføre den vidare prosessen.