Volda sjukehus i landstoppen på pasienttilfredsheit

Volda sjukehus er blant dei tre sjukehusa som skil seg best ut i Folkehelseinstituttet si nyaste pasienttilfredsundersøking. 

Tilsette ved Volda sjukehus

Tilsette ved Volda sjukehus

På sju av ni indikatorar står Volda sjukehus fram med ein høgare skår enn landsgjennomsnittet for pasienttilfredsheit i norske sjukehus. Og aller best er tilbakemeldingane på indikatoren Pasienttryggleik. 

– Vi er svært takknemlege for tilbakemldingane vi har fått. Vi har jobba mykje for å ta vare på det som gir meirverdi for pasientane. Det er viktig at vi klarer å stoppe opp og sjå kvar enkelt pasient i ein hektis kvardag. Det er det viktigaste vi gjer, seier klinikksjef ved Volda sjukehus, Palma Hånes. 

Det er Folkehelseinstituttet (FHI) som har gjennomført undersøkinga blant eit utval personar som var utskrivne frå døgnopphald ved somatiske sjukehusavdelingar hausten 2019. Frå Helse Møre og Romsdal kom det inn 854 svar, det er ein svarprosent på 56 prosent. 

Helse Midt-Noreg skårer best som region

Også Helse Midt-Noreg som region har fått gode skussmål, med dei beste tilbakemeldingane blant dei fire regionale helseføretaka. På sju av ni indikatorar skårer Helse Midt-Noreg høgare enn landsgjennomsnittet. 

– Vi jobbar vidare

Undersøkinga viser at pasientane alt i alt er er tilfreds med sjukehusopphaldet. Samtidig peiker svara også på nokre svake punkt. For Helse Møre og Romsdal er det indikatoren Standard (ved sjukehusa) som skil seg negativt ut frå landsgjennomsnittet, og då særleg ved Molde og Ålesund sjukehus.   
– Tilbakemeldingane vi får frå pasientane er noko vi set høgt, og tar det med inn i forbetringsarbeidet. Målet er å bli endå betre i møte med pasientane og gi best mogeleg pasientbehandling. Dette jobbar vi vidare med, fortel medisinsk fagsjef i Helse Møre og Romsdal, Mariann Hagerup Gammelsæther og nemner vidare nokre område som er i fokus akkurat no:
  • Gjennom koronapandemien har helse Møre og Romsdal etablert nye samhandlingsarenaer med kommunane og Fylkesmannen, noko som har bidrege til betre samhandling til fordel for pasientane
  • Digitalisering av tenester er i stadig utvikling og gir auka moglegheiter for individuell tilpassing av pasientbehandlinga
  • Innføring av Helseplattformen – ein pasient, ein journal vil betre informasjonsflyten og dermed sikre betre overgang mellom dei ulike helsetenestene og gi betre informasjon til pasientane undervegs
  • Nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal (SNR), utbetringar ved Ålesund og Volda sjukehus vil betre opplevinga av standard på sjukehus, rom og utstyr.