HELSENORGE

- Det er utruleg kva vi kan få til når vi jobbar saman

Det sa klinikksjef Per Erik Tødenes ved overrekkinga av den nye PET-skanneren frå Foreningen sjukehuset vårt. 3.100 givarar har tilsaman bidratt med 36 millionar kroner til det nye tilbodet for befolkninga i fylket.

Styreleiar Ingve Theodorsen og styremedlem Ivar Østrem i Foreningen sjukehuset vårt.

Sjå også video frå snorklippinga​

​Helse Møre og Romsdal (HMR) og Ålesund sjukehus fekk onsdag overrekt PET-skanneren i gåve frå Foreninga sjukehuset vårt. Offisiell opning blei markert med snorklipping ved styreleiar i HMR Ingve Theodorsen. Det var talar og gratulasjonar frå Klinikksjef Per Erik Tødenes, prosjektleiar Ida Jørgensen, styreleiar i Foreningen sjukehuset vårt Runar Paulsen, administrerande direktør Øyvind Bakke og fagdirektør Bjørn Gustafsson i Helse Midt-Norge (HMN).
- Det har vore eit stort engasjement frå Foreningen sjukehuset vårt som har samla inn midlar frå bedrifter, organisasjonar og mange enkeltpersonar, og ikkje minst har fagfolka våre stått på for å lande dette viktige prosjektet på tid, kvalitet og økonomi, fortalde klinikksjef Tødenes.

​​

- Det er veldig kjekt at vi no er ved veis ende i prosjektet og at vi på opningsdagen stolt kunne vise fram kor fint det har blitt i lokala. Det har vært ein stor jobb å få dette på plass, på så kort tid, og mange detaljer å ta hand om, seier prosjektleiar Ida Jørgensen.

Jørgensen fortel vidare at tysdag 14. desember tek dei imot dei fyste pasientane til PET-skann i HMR. Dei siste dagane blir no brukt til innspurt med opplæring på injeksjonsroboten som injiserer det radioaktive sporstoffet i pasienten.
- Injeksjonsroboten er ei gåve frå Foreninga, og det er vi svært takksame for, seier Amalie Aarseth og Lena Pedersen. Dei medgir at roboten har stor betyding for presisjon når det radioaktive sporstoffet blir gitt til pasienten og for skjerming av dei tilsette. Begge gler seg stort til å kome i gang med klinisk drift, og å ynskje dei fyste pasientane velkomen neste veke! 

Blant deltakarane på opninga var styret og representantar frå leiinga i HMR og HMN, tilsette i HMR, Foreningen sjukehuset vårt og givarar av midlar til skanneren. Etter talar og offisiell opning fikk dei frammøtte ei flott og innhaldsrik omvising av radiograf Amalie Aarseth og bioingeniør Lena Pedersen i injeksjons- og kvileromma, og på sjølve PET-skanneren.

- Klinikk for diagnostikk og prosjektgruppa vil rette ein stor takk til alle våre interne og eksterne samarbeidspartnarar som har hjulpet oss i prosjektet, samstemmer klinikksjef Per Erik Tødenes og prosjektleiar Ida Jørgensen. 

Positron emisjons tomografi (PET eller PET-skann) er ei diagnostisk undersøking som gjer det mogleg å framstille bilete som syner aktivitet i celler og vev. Bilda ein får med denne teknikken, vert nytta til å granske ei rekkje sjukdomar. Det viktigaste bruksområdet er innan kreftmedisin, men PET er også nyttig i kardiologi, nevrologi, revmatologi og ved infeksjonsproblematikk.