
Bildet syner nybygget for akuttmotak og intensiv mellom høyblokka og barneavdelinga.
I styremøtet i Helse-Midt-Norge (HMN) torsdag ble det klart at dei anbefaler konseptet knytt til AIO-prosjektet (akutt, intensiv, operasjon) som inneber at HMN vedtok å gå vidare med ein nasjonal lånesøknad.
- I praksis betyr dette at vi kan fortsette arbeidet med å detaljplanlegge dei store ombyggingane. Dette har vore ei sak eg har brent veldig for, og det har eg ikkje vore aleine om. Det er eit skrikande behov for å få gjort noko med arbeidsforholda på Ålesund sjukehus. Eg er imponert over innsatsen alle tilsette har lagt ned for å kome dit vi er i dag, seier Øyvind Bakke.
Han legg til at ombygginga og oppgraderinga av akuttmottaket, intensiv og operasjon på Ålesund Sjukehus vil sette oss i best mogleg stand til å møte behova i framtida - for pasientane sitt beste.
Prosjektet er avhengig av at det blir innvilga låneramme fra Helse- og omsorgsdepartementet etter søknad frå HMN. Planen som er godkjent av HMN forutset vidare at eit forprosjekt gjer ei grundig vurdering av kostnadar og legg fram si anbefaling i 2022. Bygginga vil kunne starte når denne rapporten frå forprosjektet er godkjent.

Bildet syner forslag til ny hovudinngang i nord for sjukehuset.
Ubyggingsplanane omfattar oppgradering med om lag 4.000 kvadratmeter nybygg og 5.000 kvadratmeter som skal rehabiliterast. Planane omfattar:
- Tilbygg med akutt- og intensivfunksjonar, overvåkning og postoperativ eining
- Rehabilitering av døgnoperasjon.
- Ny hovedadkomst og erstatningsareal for berørte poliklinikkar.
- Areal til dagbehandling og PET.
- Oppgradering av ventilasjon