HELSENORGE

- Vi gler oss til å gi pasientane våre PET/CT tilbodet

Det seier bioingeniør Lena Pedersen og radiograf Amalie Kroken Aarseth, som sammen med resten av fagfolka i Ålesund er i full gang med opplæringa for å ta imot den første pasienten til den nye PET/CT-maskina.


F.v. Bioingeniør Lena Pedersen og radiograf Amalie Kroken Aarseth gler seg til å gi pasientane det nye tilbodet ved Ålesund sjukehus.


Det går raskt i svingane for alle fagfolka som skal behandle pasientar og drifte den nye PET/CT -maskina ved Ålesund sjukehus. Nylig var det «kick off» for heile teamet med representantar og opplæringsanvarlege frå leverandøren. Samtidig er dei i gang med kompetanseheving i nukleærmedisin og å lære seg mest mulig om PET/CT.
- Vi er fire i teamet som skal vere klar til starten. Nokre av oss har allereie hospitert på andre sjukehus med PET/CT-maskiner, og vi skal også hospitere i vekene framover. Lena er i gang med å lage ein kjempegod kompetanseplan og rutiner for korleis vi skal jobbe.  GE, som er leverandøren av  kameraet, bidrar med internundervisning via Teams møter og faglege oppdateringer, seier Amalie Kroken Aarseth.

- I den fasa vi er inne i no er fokus på opplæring viktigst, men vi lagar også planar, gjer prosedyreskriving som til dømes prosedyrar for pasientførebuing, og vi utformer innkallingsbrev, fortel Lena Pedersen entusiastisk. Amalie Kroken Aarseth legg til at prosedyreskriving er ein del av prosjektet og er ei forutsetning til at dei kan bli klar i tide. Til dette får dei hjelp fra GE og St. Olav til å lage førsteutkast til protokollar.

Oppstartssamling for alle fagfolka som skal arbeide med den nye PET/CT maskina ved Ålesund sjukehus. Fagmiljøet skal spele ei nøkkelrolle i tida framover til levering, og stå for drifta og behandling av pasientar. Tilstede var også representantar frå leverandøren GE Healthcare som skal bidra med opplæring og kompetanseoverføring.



Godt samarbeid med St. Olav
Lena og Amalie fortel at det er viktig at prosedyrar og rutinar blir tilsvarande St. Olav sine, slik at teamet i Ålesund kan levere god kvalitet med utstyret. Alle prosedyrar knytt til pasientførebuingar og undersøkelsar skal være likt, men tilpassa utstyret i Ålesund. Teamet på St. Olav vil også bidra i prioritering av pasientar og pasientbehandling, og godkjenning av prosedyrar. Det er eit veldig godt samarbeid med St. Olav knytt til dette.

Jobbar også med romma til maskina
Og alt dette skal skje samtidig som teamet arbeider med å få romma klar som skal huse PET/CT- maskina med tilhøyrande fasilitetar. Planane er klare. Inndeling og utforming er på plass, det er avklart korleis skjerminga skal vere med omsyn til strålevern, og framover tar bygginga til av dei midlertidige romma, som forhåpentlegvis skal erstattast av permanente lokale ved den planlagde utvidinga av sjukehuset.
- Alle på teamet har også nylig gjennomført ei stor risiko- og sårbarheitsanalyse  for å vere i forkant og avdekke risikoane knytt til sikkerheit, bygningsmessige utfordringar og prosedyrar vi må arbeide meir med som vasslekasje, brann og tyveri, opplyser Lena.

Koordinering den største utfordringa
Både Lena og Amalie er samstemt i at det er koordninering av opplæring, planlegging, prosedyreskriving, og å få lokalet på plass som er den største utfordringa for fagfolka.
- Det er dei samme folka som skal arbeide med prosjektet, og å få opplæring, og samtidig drifte nukleærmedisin. Slik det ligg ann no, så er vi godt i rute, opplyser Amalie, og legg til at det alltid er usikkerheit knytt til slike store leveransar.  

Rosar nettverket
Etter at prosjektet ble starta opp har fagfolka i Ålesund hatt tett kontakt med nukleærmiljøet på St. Olav, Rikshospitalet, Haukeland sykehus, Sykehuset Østfold og nordiske kollegaer. Ordninga med hospitering har vore uvurderleg, og gitt teamet eit godt nettverk.
- Eg er veldig positivt overraska. Heile nukleærmiljøet er som ein liten familie. Vi kan sende epostar med spørsmål, og vi får utførlege svar.  Det er lett å be om hjelp og å få tips og råd. Alle vil hjelpe kvarandre i miljøet, seier Amalie.

- Gjennom hospiteringa har vi til dømes vore i Bergen og sett på injeksjonsrobot. I tillegg til kamera, så skal vi også ha ein injeksjonsrobot som styrer injeksjonane på pasientane slik at vi ikkje blir utsett for unødvendig mykje stråling og ikkje minst sikre riktige injeksjonar, utfyller Lena.

Snart i havn med rekrutteringa
Det er tilsaman åtte tilsette som skal drifte PET/CT maskina. No er vi to bioingeniørar og fem radiografar. På ett skift treng PET/CT teamet fire personar. To på kamera og to til injeksjonar og pasientførebuing.
- Vi har ein radiograf som byrjar 1. oktober med erfaring frå nukleærmedisin. På sikt kan vi bli ein til i fagteamet for lettare å få til ferieavviklinga og at vi ikkje blir sårbare ved sjukdom, seier Amalie.

Utenom dei nevnte faggruppene som skal drifte PET / CT-undersøkelsane, så er det tilknytta fysikere og legar på St. Olav som er spesialistar innan nukleærmedisin, samt radiologar.

Teamet skal også ha på plass ei merkantile rolle. Ein særs viktig funksjon i kommunikasjon med pasientane.
- Med korte fristar, og mykje pasientførebuingar, så er det viktig at pasientane får tydeleg beskjed om korleis dei skal møte. Dei skal blant anna ikkje fryse, dei skal ikkje ha trent eller anstrengt seg dagen før. Alt dette kan påverke bilda. Og dei må vere fastande for blodsukkeret må vere på riktig nivå, fortel Lena.