- Vi sparar pengar, vi sparar tid og det blir meir nøyaktig

Det seier oralkirurg Lado Lako Loro ved Ålesund sjukehus som har tatt i bruk 3D printer for å lage skinner til bruk ved kjevekirurgiske operasjonar.

(F.v) Lado Lako Loro og Andreas Dalen følger printinga av ei pasienttilpassa skinne som skal brukast ved ein kjevekirurgisk operasjon.

Kjevegirurgisk seksjon ved Ålesund sjukehus går no nye vegar for å effektivisere kjevekirurgiske operasjonar, og ikkje minst gi betre pasientbehandling. 3D planlegging er ein viktig del av dette arbeidet der ein ved hjelp av CT bilder av ein pasient kan gjere operasjonen digitalt før sjølve inngrepet.

- Vi kan kutte kjeven, flytte kjeven, ja rett og slett utføre heile operasjonen digitalt før vi opererer pasienten. Ved hjelp av dette 3D programmet lagar vi ei digital skinne, som blir printa ved hjelp av ein 3D printar, seier spesialtannlege/oralkirurg dr. odont Lado Lako Loro ved kjevekirurgisk seksjon ved Ålesund sjukehus.

Mykje å spare
Fram til i dag har ein brukt gipsavstøp frå kjeven til pasienten for å lage desse skinnene som ein nyttar under operasjonen, ein metode som vart utvikla på 60-70 tallet.
- Vi har ein leverandør som støper skinner for oss. Når vi får skinnene tilbake må vi ofte slipe og gjere fintilpasningar før operasjonen. Den første skinna vi laga med 3D printeren falt rett på plass under operasjonen utan noko som helst tilpasning, seier oralkirurg Loro.

Loro fortel vidare at ved å printe desse skinnene til kjeveoperasjonar på sjukehuset, så kan vi spare store summar. På kun fire månader har vi spart inn kostnaden til 3D printaren. I tillegg kjem ansiktsbrudd og defektar i kjevebein som vi også kan nytte utstyret til.
- Vi får inn pasientar med fleire brudd i kjeve og ansikt. Ved å nytte 3D programmet så kan vi planlegge operasjonen i detalj før vi opererer og medan pasienten er stabil. Vi kan lage nøyaktige plater til operasjonen på førehånd ved hjelp av 3D printing, slik at sjølve operasjonen går raskare med betre tilpassa plater, som igjen gir mindre byrde for pasienten, forklarar Loro.

Biletet viser 3D planleggingsprogram med operasjon i begge kjever og guidet skinne på plass. - Det digitale biletet er ein kopi av pasienten. Vi kan sjå kor det kniper, kor utfordringane er, og kor vi må gjere tilpasninger av plater før operasjon. Når vi då sett i gang operasjonen går alt mykje raskare enn før, og alt passar. Det sparer vi mykje tid på, seier oralkirurg Lado Lako Loro ved Ålesund sjukehus.

Samarbeid med ortopedisk forskningslab
Metoden med 3D printing av skinnene er eit samarbeid mellom Ålesund Biomechanics Lab (ortopedisk forskningslab ved Ålesund sjukehus) og oralkirurgene. Oralkirurg Loro sender digitale filer til forskningslaben der dei blir 3D printa i et plastmateriale. Forskar og ortopedisk LIS-lege Andreas Dalen ved Ålesund Biomechanics Lab meiner at 3D printing kjem til å dekke mange fagfelt i åra framover og at den ortopediske forskningslaben kan brukast til testing.
- Vi ønskjer gjerne å vere katapult for utvikling sidan vi sitt på kompetanse med 3D printing. Slik kan vi også hjelpe de ulike fagmiljøa i gang med teknologien, seier Andreas Dalen.

Dalen og Loro legg til at det er store gevinstar å spare utanom det ein brukar på å lage skinner manuelt. Sidan teknologien er så nøyaktig, så kan ein også spare operasjonstid, og da er det snakk om store verdiar. Det kan vere knytt til kortare opersjonstid, unngå gjentakande operasjonar eller utsetting av operasjonar, og i nokre tilfelle kortarer liggetid for pasientane.

Vil tilby kurs
Utviklinga innan dette området går raskt, og nøkkelen til at fleire fagfolk tar i bruk teknologien er at programvaren blir enkel å bruke.
- Det er mykje spennande på gang innan digital førebuing. Vi kan gjere rekonstruksjonskirurgi med til dømes feilgrodde brudd der ein vil sjå på nye aksar. Så kan ein programmere dei og 3D printe kirurgiske guidar, og etter kvart printe plater i metall. Det er opp og fram, men i dag kan vi printe guidar som er svært nøyaktige, seier Andreas Dalen, og legg til at programma stadig blir enklare i bruk.

- Vi på kjevekirurgen har programvare som er enkel å bruke til 3D planlegging, og vi har god dialog med leverandøren. Etter at vi har fått 3D printar på plass, vil vi difor halde kurs både for kjevekirurgar/kirurgar i Helse Møre og Romsdal og for andre helseføretak, sidan det ikkje er kurstilbod for dette i Norge, seier Loro.