HELSENORGE

Auke i luftvegsinfeksjonar hos barn

Slik kan du bidra for å redusere smitterisiko. 

Barnesengepostane i Helse Møre og Romsdal opplev for tida auka pågang av luftvegssjuke barn. 
– Vi har førebudd oss på ein sesong med luftvegsinfeksjonar og har mange barn innlagt med RS-virus og andre vanlege forkjølingsvirus no, fortel avdelingssjef Eli Bente Langva. Ho legg til at det kan bli aktuelt å redusere planlagte undersøkingar og kontrollar i avdelinga dersom antal innlagde aukar ytterlegare. Dette e​r ein del av den planlagde beredskapen. Langva vil samtidig minne om Folkehelseinstituttet sine råd til foreldre for å redusere smitterisikoen ved RS-virus. 

Plakat, råd til foreldre for å minske smitterisikoen ved RS-virus

  • ​​Hald barn med nye symptom på luftvegsinfeksjon heime frå barnehage, også ved negativ koronatest. Dette kan minske smittespreiing til andre barn, uansett virus. Som for andre sjukdommar, er du mest smittsam i starten 
  • Dei som har små barn under 2 år, bør unngå besøk av vaksne og barn som har luftvegssymptom – det er eit godt råd òg når det ikkje er virussesong 
  • I familiar med nyfødde og spedbarn, bør besøk reduserast. Dersom familien har behov for støtte, omsorg og avlasting, bør dette likevel tas i vare 
  • Storesøsken må vaske hender når dei kjem heim frå barnehage eller skule før dei helser på spedbarn i familien 
  • Dersom storesøsken blir sjuke, bør foreldre passe på at dei ikkje er tett på spedbarnet, sjølv om det kan vere vanskeleg i praksis. Dette er særleg viktig i dei første dagane av ein luftvegsinfeksjon når du er mest smittsam. 
 

Slik kan du lindre plagene av luftvegsinfek​​sjon 

Barnelege og medisinskfagleg rådgivar Christine Vaksdal  Nilsen ser også at det er mange foreldre som er bekymra for små barn med luftvegssymptom no og ønsker derfor å gå ut med nokre råd. 

– For spedbarn er det viktig å reinse godt opp i nasen, skylje med saltvatn og gjerne bruke nasesug for å få ut slim. Dette vil gjere det lettare for barna å ete, og godt inntak av væske er viktig ved pågåande luftvegsinfeksjon. Dersom barnet verkar tungpusta og har problem med inntak av mat bør dei vurderast av lege, fortel Nilsen. 
 

RS-virus, Covid-19 eller annan​​ luftvegsinfeksjon?  

– Det er fleire virus i omløp no som gir luftvegsinfeksjon. Symptoma kan vere vanskeleg å skilje frå kvarandre. Vi oppmodar alle til å låg terskel for å teste seg, avsluttar barnelegen.