HELSENORGE
Covid-19

Ber innstendig om at folk tar koronavaksina

I løpet av helga har eit stor tal koronapasientar blitt innlagt ved Ålesund sjukehus. Majoriteten av desse er uvaksinerte. – Om dette held fram, vil det få store konsekvensar for dei øvrige pasientane som er under utgreiing og behandling, seier fagdirektør Torstein Hole.

Fagdirektør Torstein Hole
Fagdirektør Torstein Hole
Per 29. november er det til saman 14 innlagte koronasmitta pasientar ved Ålesund sjukehus - 11 av desse blei innlagt i løpet av helga.
​Fire av desse er så dårlege at dei får intensivbehandling, og alle er uvaksinerte
– Dette er bekymringsfullt i ei tid der det er stor belastning på sjukehusa i fylket vårt. Når vi veit kor ressurskrevande desse pasientane er, så fryktar vi at dette kan få konsekvenser for den planlagte behandlinga av andre pasientar. Til dømes dei som er under utgreiing og behandling, og skal ha et planlagt inngrep, seier Hole.
Fagdirektøren oppfordrar sterkt den uvaksinerte delen av befolkninga om å ta vaksina. 
– I tillegg bør alle som får tilbod om det, ta den tredje vaksinedosa, seier Hole. 

Tar i mot koron​apasientar både i Molde og Ålesund

På grunn av den raske auka av innlagde med Covid-19 skal både Molde og Ålesund sjukehus ta imot pasientar med Covid-19.