Beredskapsøving ved Ålesund sjukehus

Torsdag 25. november blir det beredskapsøving ved Ålesund sjukehus. Øvinga vil foregå på sjukehuset.

Kvart fjerde år blir det gjennomført ei fullskala øving for å styrke helseberedskapen ved Ålesund sjukehus. Torsdag 25. november blir det ei ny fullskala øving ved sjukehuset der ein skal øve organisasjonen og helsepersonell på å gi helsehjelp ved hendingar der mange er skadd.

- Grunna pandemien har denne øvinga blitt utsatt i to år, seier beredskapssjef Hans-Olav Ose i Helse Møre og Romsdal, og legg til at øvinga blir gjennomført utan ein skadestad. Det vil seie at øvinga blir på sjukehuset, men at skadde blir sendt til sjukehuset med ambulansar og at ein ellers nyttar samband og meldingar for å gjere øvinga så realistisk som mogleg.

Fleire frivillige frå Røde Kors og skular stiller opp for å hjelpe til ved øvinga. Nokre blir skadesminka og andre får rolle som pårørande.

Målet med øvinga er å trene på beredskapsleiing, handtere ein masseskadesituasjon samtidig som ein skal ta vare på pasientane som allereie er på sjukehuset, og å gjere riktige prioriteringar og god behandling av pasientane.
- Helsetenesta i fylket har kapasitet til å handtere alvorlege ulykker. For å oppretthalde og styrke denne beredskapen så er det heilt nødvendig å øve regelmessig, seier Ose, og legg til at liknande øvingar også blir gjennomført på dei andre sjukehusa i Møre og Romsdal.

Smittevernoverlege Jørn Åge Longva i helseforetaket fortel at smittesituasjonen er risikovurdert før øvinga.
- Det er god vaksinedekning blant deltakarane, og vi gjer også hurtigtest av markørar ved oppmøte, og informerer om at deltakarane ikkje skal møte om dei er sjuk, opplyser smittevernoverlegen.