Desse blir ikkje påverka av besøksforbodet
- Pårørande til kritisk sjuke
- Ledsagere til pasientar under 18 år
- Ledsagere til pasientar som har vanskar med å gjere seg forstått
- Ledsagere som er nødvendig for å gjennomføre behandlinga
- Partnarar til gravide/fødande
- Besøkande til pasientar der legen vurderer besøk som nødvendig basert på ønska og behova til pasienten, alvorsgrada til sjukdommen, forventa levetid, behov for nærleik og omsorg og lengda på sjukehusopphaldet.
- Leverandørar
- Journalistar i følgje med ein frå kommunikasjonsstaben
- Kontrollinstanser
Den som skal inn på sjukehuset
- må bruke munnbind*
- må kontakte avdelinga før dei kjem, for å avtale tid
- må vaske eller sprite hendene før dei går inn og ut av rommet til pasienten
- må halde minst 1 m avstand til andre på sjukehuset
- må halde minst 1 m avstand til pasienten (gjeld ikkje barn og føde/barsel)
- skal ikkje klemme eller handhelse (gjeld ikkje barn og føde/barsel)
- kan berre bruke toaletta i publikumsområda (gjeld ikkje barn og føde/barsel)
Hugs at du ikkje kan besøke nokon på sjukehuset dersom
- du kjenner deg sjuk
- har oppkast/diare
- har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon
- du eller nokon av dine nærkontaktar er i isolasjon på grunn av Covid-19
Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med aktuell avdeling på førehand og følgjer deira smittevernråd.
*Munnbind
Gjeld ikkje dei under 12 år eller personar som av medisinske årsaker ikkje kan bruke munnbind .