
Øyvind Bakke, adm.dir. i HMR
- Eg er imponert over kva vi har klart å lande og fått til i SNR-prosjektet det siste året. Det er lagt ned ein betydeleg innsats frå både tilsette, prosjektstyret og prosjektorganisasjonen for å sikre god framdrift i arbeidet. På Hjelset er det stor aktivitet og vi har sikra oss kontraktar for om lag 80 prosent av budsjettert entrepriseverdi. Eg vil gratulere Bravida med sin fjerde kontrakt i prosjektet. Deira erfaring frå andre sjukehusprosjekt, mellom anna nye Stavanger Universitetssjukehus, kjem godt med i gjennomføringa av SNR, seier Øyvind Bakke, adm. direktør i Helse Møre og Romsdal
Bravida sine kontraktar
Kontraktane for elektro og elektroniske sikringsanlegg har ein samla verdi på over 500 millionar kroner inkl. mva. I starten på november signerte SNR-prosjektet to kontraktar med Bravida for medisinske gassar og trykkluft, samt brannslokkeanlegg til ein samla kontaktsverdi på 179 mill. kroner inkl. mva. Med dei nye kontraktane har Bravida ein samla kontraktsportefølje i SNR-prosjektet på nærare 700 mill. kroner inkl. mva.

Tore Bakke, adm.dir. i Bravida
- Vi ser verkeleg fram til å starte arbeida for SNR- prosjektet som vi kjenner godt gjennom fleire anbodsprosessar. Vi meiner derfor at det ligg til rette for god produksjon og godt samarbeid i dette store prosjektet. Vi takkar så mykje for tilliten frå Sykehusbygg og Helse Møre og Romsdal og ser fram til å bidra til at regionen får det sjukehuset dei fortener, seier administrerande direktør i Bravida Norge, Tore Bakke.
Innhaldet i kontraktane
Elektrokontrakten som har ein kontraktsverdi på 487 mill. kr. inkl. mva. skal mellom anna levere system for kabelføring, jording og inntak og uttak for elkraft, system for hovudfordeling og elkraftfordeling til forbruk og drift, samt reservekraftanlegg.
Kontrakten om elektronisk sikringsanlegg har ein kontraktsum på 17 mill. kr. inkl. mva. og skal levere mellom anna adgangskontroll, TV-overvaking, samt innbrots- og overfallsalarm.
- Vi kjenner Bravida som ein solid aktør som har sterk kompetanse på bygg og drift av helsebygg i heile landet. Dei har store ambisjonar både innanfor digitalisering og prefabrikasjon i gjennomføringa av prosjekt og vi har tru på ei god prosjektgjennomføring med riktige løysingsval, seier Knut Ragnar Heimdal, prosjektdirektør for SNR.
Samarbeidet med Bravida startar opp umiddelbart med planlegging og samhandling, og produksjonsstart vil vere hausten 2022 med overlevering hausten 2024. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal stå klart til bruk våren 2025.