Det er trygt å vere pasient i Helse Møre og Romsdal

Tilsette i Helse Møre og Romsdal opplev at fleire pasientar tek kontakt, og nokon vel å utsetje sine timar ved sjukehuset. Det skjer i samband med smitteauka i koronatilfelle i Møre og Romsdal og i landet elles.

Torstein Hole, fagdirektør

– Pasientar tek kontakt med oss og er engstelege for koronasmitte ved sjukehuset. Dei treng ikkje å bekymre seg og skal føle seg trygge på at dei ikkje vil utsetje seg for koronasmitte ved å oppsøke sjukehusa våre, seier Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Kom til sjukehusa

Fagdirektøren har ei klar oppmoding til innbyggarane om at det er heilt avgjerande for helsa til mange at dei kjem til oppsett time. Mange pasientar gjennomgår viktige behandlingsforløp og det er særs viktig at dei ikkje får eit avbrot i si behandling

– Også pasientar som blir akutt sjuke med behov for oppfølging frå spesialisthelsetenesta må kontakte oss. Vi har strenge smitteverntiltak ved sjukehusa og det skal difor vere trygt for våre pasientar å kome til behandling, seier Hole.