HELSENORGE

Det psykiatriske tilbodet i Helse Møre og Romsdal skal styrkast betydeleg

- Eg tilrår at Helse Møre og Romsdal får tilført 36 millionar kroner til ei satsing innan psykisk helsevern og rus. Det sa adm. direktør Stig Slørdahl under styremøtet i Helse Midt-Norge i dag. Over nyttår legg Slørdal fram ei styresak med si anbefaling om å styrke det psykiatriske tilbodet i heile regionen. 




Adm. direktør Øyvind Bakke er særs glad for styrkinga av tilbodet til pasientane
- Vi ser eit stort behov for å styrke tilbodet til pasientar dømt til tvungen psykisk helsevern i heile regionen og anbefaler at talet på lokale sikkerheitsplassar blir auka det kommande året, seier Slørdahl. 


Fordeling av pengane

Slørdahl foreslår å øyremerke ei løyving på totalt 73 millionar kroner pr. år i tre år framover. Slørdahl tilrår at HMR får 36 mill. kroner, medan 27 mill. kroner bør gå til Helse Nord-Trøndelag og 10 mill. kroner til St. Olavs hospital. Samla ramme kan bli auka noko når endeleg forslag leggast fram. Neste opptrapping av plassar til sikkerheitspsykiatrien vil bli foreslått lagt til St. Olavs hospital, er forslaget frå administrasjonen i Helse Midt-Norge.

Øyvind Bakke, adm. dir. i HMR

- Dette er særs gode nyheiter for oss i Helse Møre og Romsdal. Med hjelp av desse midlane får vi ei tydeleg fagleg retning for framtida og vi styrker oss i arbeidet med å halde på våre dyktige fagfolk, samt å rekruttere nye. Pengane vil mellom anna gå til å opprette åtte nye sikkerheitspsykiatriske plassar i dagens lokalar på Hjelset, vi vil klargjere eit at våre distriktspsykiatriske senter (DPS) for bruk av tvang og vi vil etablere et nytt FACT-team, seier administrerande direktør Øyvind Bakke. 


Behov for meir kapasitet

Helse Møre og Romsdal har dei siste åra hatt ei kraftig auke i talet på domfelte som blir overført til tvungen psykisk helsevern og fylket har fleire domfelte pr. 100 000 innbyggarar enn andre fylker. I denne perioden har det ikkje vore auke i talet på senger for behandling av denne pasientgruppa i Møre og Romsdal.

Ståle Hoff, klinikksjef i HMR

- Ei auke av vår kapasitet frå 6 til 14 døgnplassar, gjer at vi kan behandle lokale sikkerheitspasientar sjølv og ikkje oppta plassar i Trøndelag. I det vidare arbeidet vil vi avklare kva DPS som skal leggast til rette for tvang og kor FACT-teamet skal opprettast. Dette er nye tilbod som allereie er godt diskutert i arbeidet med vår lokale utviklingsplan, og kor det er einigheit om at dette er riktig veg å gå, seier Hoff. 




Klinikken beheld sine budsjettrammer i 2022

I tråd med satsinga innan psykisk helsevern har klinikken fått behalde midlane knytt til det generelle effektiviseringskravet på 1 prosent for 2022​. Bakgrunnen er den store pasientpågangen som klinikken har opplevd særleg dei to siste åra. Klinikken har dei siste åra gjort store interne omstillingar og driv no i økonomisk balanse samtidig som den interne effektiviteten har auka med om lag 20 prosent. 

- Eg vil takke tilsette i klinikken for innsatsen og engasjementet for våre pasientar. Dei neste åra skal vi fortsette arbeid vårt med å utvikle pasienttilbodet til det beste for pasientane og dei pårørande, seier Bakke