Ein tilsett ved Ålesund sjukehus har testa positivt på
Covid-19 mandag. I samband med den positive prøven er også 7 andre tilsette
sett i karantene. Personen som har testa positivt har fått ein dose av Astra
Zeneca vaksina. Den tilsette har hatt pasientkontakt, men har fulgt
smittevernrutinane.
- Vi vil tysdag formiddag ta kontakt med dei aktuelle
pasientane.
Smittevegen er under avklaring, seier
smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal, og legg til at den
tilsette ikkje har vore på jobb etter at symptoma meldte seg.