Ein tilsett ved Volda sjukehus har testa positivt

Mandag testa ein tilsett ved Volda sjukehus positivt på Covid-19. Tre andre tilsette er sett i karantene.

​Ein tilsett ved Volda sjukehus testa positivt for korona mandag 26. juli. I samband med den positive prøva er også tre andre tilsette sett i karantene. Den tilsette har hatt pasientkontakt, men har fulgt smittevernrutinane på sjukehuset.
- Smittesporingsteamet i Ørsta / Volda har sett i gong smittesporing og tek kontakt og følger opp dei pasientane som den tilsette har vore i nærkontakt med, seier rådgivar Marius Kile Brenne ved Volda sjukehus. Brenne legg til at foreløpig er smittevegen ukjend.

I dag tirsdag vert det gjennomført vidare smittesporing og testing av nærkontaktar av den tilsette som testa positivt. Hendinga får ikkje konsekvens for drifta ved Volda sjukehus.