HELSENORGE
Forsking

Fem av tolv prosjekt frå HMR fekk regionale forskingsmidlar

Onsdag 3.november var det møte i Samarbeidsorganet, og økonomisk støtte til forsking var ein av sakene. HMR hadde 12 søknadar og heile 5 av prosjekta fekk finansiering – i knivskarp konkurranse med St. Olav, HNT og universitets- og høgskulesektoren.

-          Dette er stas og vi må berre gratulere alle søkjarar, fagmiljøet deira og eit samla HMR, seier forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff. - HMR fekk tildeling i 42% av søknadane, det har aldri skjedd tidlegare.

Søknader totalt vart 207, 61 fekk tildeling og av dei 5 frå HMR. Kostnadsramma på tildelingar frå Samarbeidsorganet var i overkant av 58 mill. kr.

          -          Vi må også gje honnør til dei 7 i HMR som ikkje fekk tildeling frå Samarbeidsorganet i år, det er ikkje nok midlar til alle sjølv om søknadane er gode.


Alle prosjekt som fekk tildeling:
Tildeling av regionale forskingsmiddel for 2022 - Helse Midt-Norge RHF (helse-midt.no)


Prosjekter i HMR som fekk tildeling:

Endre Grøvik - Klinikk for diagnostikk
Klinikk for Diagnostikk, medisinsk fysiker Endre Grøvik; Phd-stilling blir utlyst i prosjekt
Prosjekttittel: IMAGINE - Forbetra diagnostikk av brystkreft ved bruk av kunstig intelligens (KI)

Kunstig intelligens (KI) har gjort store framsteg innan helsevesenet og er spesielt godt eigna til bruk innan radiologi. IMAGINE-prosjektet vil bruke avansert KI-teknologi på MR-data for å forbetre og automatisere kliniske oppgåver rundt diagnostisering av brystkreftpasientar. I samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar vil dette prosjektet utnytte eksisterande pasientdata frå Akershus Universitetssjukehus og Stavanger Universitetssjukehus).

KI-modellane som blir utvikla i IMAGINE-prosjektet vil gjera det muleg med objektiv og kvantitativ analyse av MR-data i sanntid. Dette vil vere til stor nytte for brystkreftpasientane ved at legar kan oppnå høgare presisjon og reproduserbarhet i vurderingane sine. Vidare vil KI-modellane fjerne mykje av arbeidsbelastninga legar møter i den kliniske kvardagen sin. Mange sjukehus opplever for tida ein stor produksjonsauke av medisinske bilete utan tilsvarande auke i radiologisk arbeidsstyrke. KI-verktya som skal utviklast i IMAGINE-prosjektet kan brukast til å forbetre klinisk effektivitet, og dermed hjelpe legar å halda tritt med auka arbeidsmengde, samtidig som dei får meir tid med terapeutar for optimal planlegging av behandling. Betre effektivitet vil òg vera til fordel for pasientane i form av raskare klinisk forløp og tidlegare diagnose.

Utlysing av phd-stillinga i prosjektet vil antakeleg komme i starten av 2022.

 

 

Elisabeth Sæther og LifeStart1Klinikk Ålesund Sjukehus, jordmor Elisabeth Sæther; tildelt phd-stilling
Prosjekttittel:
Fysiologibasert avnavling av nyfødde og stabilisering med intakt navlestreng ved keisarsnitt

Å venta nokre minutt etter fødselen med å klippe navlestrengen har vist seg å ha mange fordeler både for for tidleg fødde og for nyfødde til termin, men dette blir framleis ikkje gjort rutinemessig ved alle fødslar.

Ved akutte eller premature keisarsnitt kan klinikarane måtta velje mellom å vente med avnavling, men då risikera å forseinka stabilisering av den nyfødde, eller å måtta avnavle for tidleg for å komma i gang med stabilisering av den nyfødde. Ei av årsakene til at dei må velja er fordi gjenopplivningsutstyr er plassert på avstand frå operasjonsbordet. Ei løysing på dette kan vera mobilt gjenopplivningsutstyr slik at nyfødt-teamet kan vurdere og behandle barnet inne på operasjonsrommet. Dessverre har mange sjukehus ikkje tilgang på slikt utstyr.

Eit alternativ ved keisarsnitt når dette utstyret ikkje er tilgjengeleg, er å venta 1-2 minutt frå barnet er forløyst, for deretter å forløysa morkaka forsiktig utan å kutta navlestrengen. Deretter blir den nyfødde og morkaka flytta saman til eit standard gjenopplivningsbord i tilstøtande rom. Forskarane antar at ved å standardisere denne relativt enkle og rimelege metoden kan dei kombinere fysiologibasert avnavling, sikker stabilisering av den nyfødde og samtidig ha kontroll på blødning hos mor.

Det er behov for vidareutvikling av denne «state-of-the-art»-tilnærminga og for evaluering av gjennomførbare og sikre metodar for både lav- og høyressurssettinger. Dette er bakgrunnen og motivasjonen for doktorgradsprosjektet som jordmor Elisabeth Sæther skal i gang med januar 2022.

Jørgen Garberg Andvig

Klinikk SNR, lege Jørgen Garberg Andvig ; tildelt phd-stilling
Prosjekttittel:
Individuell og samfunnsmessig effekt av nye metodar for behandling av hoftebruddpasienter i Noreg (Ortho-REG)

Eit hoftebrudd medfører ei stor sjukdomsbelastning for den enkelte pasienten og krev betydelege ressursar til behandling og pleie frå samfunnet. Behandlingsmessige framsteg blir gradvis tatt i bruk i praksis avhengig av tilgjengeleg vitskap, i tillegg til organisatoriske eigenskapar ved den behandlande institusjonen. I prosjektet vil vi fokusera på korleis kirurgiske og medisinske behandlingsmetodar blir implementerte til ulike tider og i ulik grad over heile landet for å estimera korleis dette påverkar pasientane over tid. Ved å bruke registerdata frå 2005 til 2020 håper vi å avdekke korleis behandlingsstrategiar har påverka det kliniske resultatet og helseøkonomiske resultat for denne pasientpopulasjonen.

Sidan ortogeriatrisk samarbeid er eit område med stor betydning innan ortopedisk og eldremedisin, vil den utvida kunnskapen som blir generert ha store implikasjonar for pasientar og samfunn. Resultata av denne forskinga kan rettleia klinikarar og leiarar om korleis og når dei skal ta i bruk velprøvde behandlingar for å maksimere individuelle pasienthelsefordeler samtidig som dei held ved like eit berekraftig helsevesen.

  

Erland HermansenKlinikk Ålesund Sjukehus, Erland Hermansen: Prosjektmidlar til Nordstenstudien

NORDSTEN-studien består av 3 armar, to randomiserte studiar som samanliknar forskjellige operative metodar hos pasientar med Lumbal Spinal Stenose(LSS), og ein observasjonskohort. NORDSTEN-Spinal Stenosis Trial (SST) samanliknar tre mindre invasive teknikkar for pasientar med LSS utan spondylolistese, og NORDSTEN- Degenerative Spondylolisthesis (DS) samanliknar to operasjonsteknikkar for LSS-pasientar med spondylolistese.

Operasjon for LSS inneber å gjera ein avlastande operasjon for dei nervane som ligg i klem intraspinalt, ein dekompresjons-prosedyre. Det viktigaste forskingsspørsmålet med NORDSTEN-SST er å avgjera kor omfattande denne dekompresjonen treng å vera, og om  nokon av dei tre mest brukte dekompresjonsteknikkane gir betre resultat enn dei andre. Det viktigaste forskingsspørsmålet i NORDSTEN-DS er å undersøka om avstiving gir ein tilleggseffekt til det å utføra ein dekompresjon. Ein avstiving av det aktuelle nivået er meir ressurskrevande.

I Observasjonskohorten vil vi følgje dei pasientane som har LSS radiologisk, men ikkje nok symptom til å forsvara kirurgisk behandling. Hovedendepunktet i denne studien er å sjå kor mange som får ein klinisk forverring og vil trenga operativ behandling, og om det er faktorar som vil avgjera om dei får ein forverring.


Eva Zsuzsanna HosethKlinikk for psykisk helse og rus, lege Eva Zsuzsanna Hoseth, Tildelt postdoktorstilling

Prosjekttittel: Aldring og somatisk komorbiditet i psykiske lidelser: fra biomarkører til klinisk nytte


Meir info om dette prosjektet kjem.