Finansieringa av drifta av PET-skanner på plass

- Vi gler oss til å komme i gang, seier Per-Erik Tødenes, som kan fortelle at finansieringa no også for drift av PET-skanneren er landa.

Prosjektgruppa for PET-CT: F.v. klinikksjef Per Erik Tødenes, Jakob Kirkhorn, prosjektleiar Ida Fallmyr Jørgensen (lys jakke, mørk t-skjorte), Einar Kaarbøe, Anne Marit Bøstrand, Robert Hoggard, Lena Pedersen, Runar Paulsen og Amalie Aarseth.



​Foreninga sjukehuset vårt har samla inn midlar til finansieringa av PET-skanner som skal plasserast på Ålesund sjukehus. Det er Klinikk for diagnostikk som skal drifte tilbodet og prosjektet «Etablering av PET CT i Helse Møre og Romsdal. PET-CT er krevande når det kjem til planlegging, etablering, oppbygging og drift. I tillegg er det eit heilt nytt tilbod som skal byggast opp.
-Vi sendte søknad om særfinansiering knytt til drift av tilbodet til Helse Midt-Norge rett før jul, og vi er kjempeglade og takknemlige for at søknaden no er godkjent, seier klinikksjef Per Erik Tødenes i klinikk for diagnostikk.

Den siste tida har prosjektorganisasjonen arbeid med beregning av kapasitet og drift ved oppstart og for dei to neste åra. Det er tilsett fysikar, radiografar og bioingeniørar i ulike stillingsprosentar. To tilsette frå nukleærmedisin er i desse dager godt i gang med videreutdanning i nukleærmedisin, som er eit krav for tilsette som skal arbeide med fagområdet.
- Vi har også hatt radiograf og bioingeniør på hospitering på St.Olavs hospital, og dei skal hospitere på fleire sykehus når Covid-19 situasjonen tillet det, seier prosjektleiar Ida Jørgensen.

Utarbeiding av kravspesifikasjon for sjølve scanneren, injeksjonsrobot og diverse utstyr er også godt i gang. Ida Jørgensen fortel at arbeidet med kravspesifikasjonen skjer i tett samarbeid mellom våre fagfolk på området, fagmiljøet på St.Olavs hospital og Foreningen sjukehuset vårt då det er dei som skal stå for sjølve innkjøpet.
- Sjølv om Covid-19 situasjonen gjer at det er utfordrande med referansebesøk, hospitering og kompetansebygging er målsettinga som tidligare, å ta inn dei første pasientane til PET-CT innan utgangen av 2021, seier prosjektleiar Jørgensen.