Fleire avdelingar berørt etter legionella funn ved Kristiansund sjukehus

Fredag i forrige veke ble det avdekka funn av legionella bakterien i vestfløya ved Kristiansund sjukehus. Ein foreløpig rapport viser at også fleire nye avdelingar no er berørt på sjukehuset.

- Ein foreløpig rapport viser funn av legionella bakterien også ved andre avdelingar ved sjukehuset. Vi har difor iverksett tiltak for heile sjukehuset slik at tilsette og pasientar ikkje blir utsett for bakterien, seier assisterande klinikksjef Carina Vollan Myhre ved SNR Kristiansund.

Myhre fortel vidare at utfordringa er spesielt knytta til dusjing, og difor blir no blant anna alle dusjhovud bytta ut. I samråd med Folkehelseinstituttet sett vi i gang følgjande tiltak ved heile sjukehuset:
- Ingen skal drikke vann som kjem frå springen, og det blir difor utsett flaskevann for pasientar og tilsette.
- Ingen tannpuss i vann frå springvann.
- Ingen skal nytte dusj. Toalett og handvask kan brukast som normalt.
- Handvask i springvann er ufarleg.
- Kroppsvask av pasientar med vann frå springen er ufarleg.
- Reingjering av rom med springvann er ufarleg.

- Vi har ingen indikasjonar på at pasientar har blitt sjuk av bakterien, og tiltaka som er iverksett vil ikkje ha konsekvensar for drifta av sjukehuset, opplyser Myhre.

Endeleg rapport kjem over helga, og då vil ein konkludere på kva for nokre ytterlegare tiltak som skal iverksettast for å fjerne bakterien.